• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4705484
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 21.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

100 % stilling helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Se kildebildet

Vi ønskjer oss fleire dyktige medarbeidarar til teamet vårt! Har du fagbrev oppfordrar vi deg til å søkje på

100 % stilling helsefagarbeidar

 

Om eininga/avdelinga

Tenester for Heimebuande ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og vi satsar på å gje kontinuerlig opplæring og moglegheiter for utvikling. Eininga vil legge til rette for alternative turnusordningar til dei som ønskjer det med 12,5 timers vakter.


Pleie og omsorg er samlokaliserte i Aukra Omsorgssenter med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Tenester for Heimebuande har ansvar for heimesjukepleie og heimehjelp, psykisk helse og rus samt dagsentertilbod for eldre og yngre.

Om du har fagbrev som helsefagarbeidar og er motivert til å vere leverandør av gode tenester i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du er sjølvstendig og løysningsorientert. Har du interesse for teknologi vil det vere ein fordel, då vi nyttar velferdsteknologi meir og meir hos heimebuande.


Vi ønskjer søkjar med
Fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande
Autorisasjon 
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling 
Godkjent politiattest 
Sertifikat klasse B 
Digital kompetanse 
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk) 
Personleg eigna for stillinga 


Kompetanseheving 
Tilbod om deltaking på kurs 
Tilgang på e-læringskurs 
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør


Vi tilbyr

Alternativ arbeidstidsordning
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer 
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar 
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning 
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Prøvetid 
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste 
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4705484
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 21.07.2022