• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    31.10.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5375507
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
  • Uppdaterad 28.09.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Aukra kommune

100 % helsefagarbeidar fast og vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Vi ønskjer oss fleire dyktige medarbeidarar til teamet vårt! Har du fagbrev oppfordrar vi deg til å søkje på 100 % stilling helsefagarbeidar

 

Om eininga/avdelinga

Aukra Omsorgssenter ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og vi satsar på å gje kontinuerlig opplæring og moglegheiter for utvikling. Eininga vil legge til rette for alternative turnusordningar med langvakter til dei som ønskjer det. Vi har ledig ei fast stilling, og eit langtidsvikariat.


Pleie og omsorg er samlokaliserte i Aukra Omsorgssenter med 30 lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie på ettermiddag, kveld og helg. 

Om du har fagbrev som helsefagarbeidar og er motivert til å vere leverandør av gode tenester i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du er sjølvstendig og løysningsorientert. Har du interesse for teknologi vil det vere ein fordel, då vi nyttar velferdsteknologi meir og meir.


Vi ønskjer søkjar deg med;
Fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande
Autorisasjon
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Personleg eigna for stillinga


Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør


Vi tilbyr

Alternativ arbeidstidsordning
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 https://youtu.be/LHNZGqxRFFI

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    31.10.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5375507
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
  • Uppdaterad 28.09.2023