• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    17.09.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5197529
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 22.08.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

100% fast stilling som sjukepleiar, nattevaktsstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge.

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar, i hovudsak arbeid på natt, frå snarast/etter avtale, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Arbeid kvar tredje helg. 

Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av 12 einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillinga vil i fyrste omgang vere knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med oppgåver både i heimetenesta og på sjukeheimen ved behov.

Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus, samt bonus på 100 000,- ved bindingstid på to år. Bonus vert utbetalt anten som eingongssum, eller ratevis gjennom dei to første åra - etter avtale. Vi har også nettopp innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024. 

Arbeidsoppgåver

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Medikamentadministrasjon
  • Andre sjukepleiefaglege oppgåver
  • Avløysar for avdelingssjukepleiar
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Vi tilbyr

  • Løn over tariff, ekstra helgetillegg, samt nyrekrutteringsbonus på 100 000,- ved binding i to år.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    17.09.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5197529
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 22.08.2023