Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
19.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5871786Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 06.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
100% fast stilling som pedagogisk leiar
Offentlig forvaltning
Vil du vera med å gjera ein forskjell? Er du utdanna barnehagelærar eller har anna relevant utdanning som gir pedagogisk kompetanse til å arbeide i barnehage - då treng me deg!
Sundre barnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart snarast.
Sundre barnehage er ein seks avdelings barnehage med sentral plassering på Ål. Barnehagen har kort veg til skulepark, bibliotek, togstasjon og idrettsarena. Visjonen til Sundre barnehage er: Leik, lær og le – le, lær og leik. Saman med barn og vaksne i barnehagen kan du vera med på å skape ein kvardag for borna i Sundre som gir rom for akkurat detta.
Arbeidsoppgåver
Som pedagogisk leiar i Sundre barnehage er du ansvarleg for å leie og iverksette det pedagogiske arbeidet på ei avdeling. Du med på å skape eit trygt og godt miljø for alle våre barn gjennom leik, læring, omsorg og danning. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
- Heldt deg fagleg oppdatert.
- Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:
- Brenn for barnehageyrket og barnas beste.
- Er glad i barn og har evne til å arbeide relasjonelt med barn.
- Er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik.
- Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
- Kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk).
Vi tilbyr
- Ein barnehage som arbeider for å ha eit fagleg miljø med breidde.
- Fadder på arbeidsplassen.
- Ei personalgruppe som arbeider for å vidareutvikle seg.
- Eit spesialpedagogisk team i barnehage som følgjer opp det spesialpedagogiske arbeidet.
- Ulike ressursar utover grunnbemanning, som er knytt til språk, tidleg innsats, møteressurs, vikarressurs.
- Ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen.
- Meningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
- Ein kvardag der på psykologisk tryggleik har ein naturleg plass.
- Hjelp til å finne bustad.
- Pensjonsordning i KLP.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og videreutdanning.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
19.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5871786Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 06.09.2024