Detaljer

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    28.10.2020
  • Sted:
    LANGEVÅG
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    LANGEVÅG
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3211148
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune

100% fast stilling som miljøterapeut i Bu- og aktivitetstenesta

Sula kommune har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut i Bu- og aktivitetstenesta. Stillinga er kombinert mellom miljøarbeid i bustad og Sula kommune si verksemd for tilrettelagt aktivitet og arbeidstilbod. Stillinga er for tida lagt til avdeling Nymarkvegen og Molvær senter.

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Molvær senter er ei produksjonsverksemd som gir tilbod om sysselsetting, aktivisering og opplæring til personar med ulik grad av funksjonshemming. Senteret består av fem avdelingar og tilbyr stor variasjon i aktivitet og arbeid. Senteret er lokalisert saman med vaksenopplæringa. Stillinga som er lyst ut vil bli knytt til avdeling for industri og service, men ein vil etter kvart få anledning til å arbeide med dei øvrige avdelingane .

Nymarkvegen yter praktisk og personleg bistand til 12 tenestemottakarar, der dei fleste har tilgang på døgnbemanna personalbase. Hjelpebehovet varierer frå tilsyn heile døgnet, til praktisk og personleg bistand.

Turnusordninga er langvakter på helg med inntil 14 timar. På kvardagar er det ordinære vakter på dag/ettermiddag.

Stillinga er ledig frå snarast.

Arbeidsoppgåver
  • Praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål.
  • Målretta miljøarbeid i heimen og på dagtilboda til tenestemottakarane. 
  • Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuaren i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar
  • Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakar ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å hantere uførutsette situasjonar.
  • Hjelpe tenestemottakar til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid.  
Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer personar med trårig helse og sosialfagleg høgskuleutdaninng, fortrinnsvis vernepleiar. 
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til/ erfaring frå arbeide med menneske med ulike hjelpebehov. 
  • Beherske målretta miljøarbeid og kunne tilrettelegge for ein god kvardag i og utanfor heimen.
  • På Molvær senter må du kunne behandle enkle verktøy, være kreativ og like å jobbe med hendene.
  • Relevant praksis og erfaring vert føretrekt.
  • Krav om førarkort og politiattest.
  • Datakunnskap
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Oppgje referanse.
Personlege eigenskapar
  • Forutan gode og faglege kvalifikasjonar, ser vi etter ein person med god framferd som likar å arbeide med menneske.
  • Du må vere stabil, fleksibel, pliktoppfyllande og tålmodig.
  • Evne til å motivere og engasjere
  • Løysningsorientert og stor interesse for fagfeltet 
  • Du må ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Du må kunne stå i og takle uførutsette situasjonar.
  • Du må like fysisk aktivitet. 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi tilbyr
  • Eit aktivt og godt fagmiljø.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
  • God opplæring med moglegheit for fagleg påfyll.