• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4302970
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 06.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

100% fast stilling som koordinator for velferdsteknologi i Hallingdal

Offentlig forvaltning

Dei seks kommunane i Hallingdal, Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Hol og Ål har ledig 100 % fast stilling som koordinator for Velferdsteknologi i Hallingdal. Stillinga er nyoppretta som ei vidareføring av Hallingdalskommunane sitt prosjekt «Velferdsteknologi i Hallingdal».
Kommunane i Hallingdal har sidan hausten 2017 samarbeida i eit regionalt prosjekt for å legge til rette for at velferdsteknologi skal bli ein integrert del av tilbodet innan helse- og omsorgstenestane. Koordinator for Velferdsteknologi i Hallingdal skal koordinere arbeidet med å implementere velferdsteknologi i tenesteapparatet i dei seks kommunane, i tett samarbeid med lokale ressursar i kvar einskild kommune.

Stillinga er for deg som er interessert i teknologi og tenesteinnovasjon, og som er sjølvstendig og med god arbeidskapasitet. Koordinator for Velferdsteknologi i Hallingdal vil ha hovudansvar for kontraktsoppfølging med leverandørar, utarbeide rutinar og arbeide for erfaringsutveksling mellom kommunane. Stillinga vil ha ansvar for anskaffing av teknologi og vil vere bidragsytar inn mot kommunane i å implementere av ny teknologi.

Stillinga er knytt til Hallinghelse, som er eit interkommunalt helsesamarbeid mellom dei seks kommunane i Hallingdal. Hallinghelse skal ta initiativ til, og koordinere, samhandlingstiltak på tvers av kommunegrenser innan helse og omsorg. Hallinghelse har base på Torpomoen, og Ål kommune er administrativ vertskommune for Hallinghelse.

Arbeidsoppgåver

  • leie arbeidet med tenesteinnovasjon med fokus på velferdsteknologi i Hallingdal
  • avtale- og kontraktsoppfølging med leverandørar og rullering av desse
  • vidareutvikling av kommunanes tenester med fokus på velferdsteknologi, e-helse og mestringsteknologi, retta mot innbyggjarar i alle aldersgrupper
  • utarbeide og nytte verktøy som synleggjer gevinstar av aktiv bruk av velferdsteknologi og gjere desse kjent for tilsette i kommunane
  • medverke til utvikling og innovasjon i helse og omsorgstenestene og samhandling på tvers av sektorane
  • drive fram arbeidet i gruppa med lokale ressursar innan velferdsteknologi og vere ein representant for desse i møte med leverandørar
  • engasjere brukargrupper og innbyggjarar og tilsette i helse- og omsorgstenestene til auka bruk og forståing av velferdsteknologi
  • vere synleg og vere ein god samarbeidspartnar for kommunane.
  • bidra til å styrke kompetansen rundt velferdsteknologi i helse- og omsorgstenestene.
  • planlegge, styre og rapportere på framdrift på arbeidet
  • formidle og rapportere resultater og kunnskap om arbeidet
  • dialog og samarbeid med andre relaterte prosjekter i regi av kommunane eller Hallinghelse.

 Me søkjer deg:

  • med relevant utdanning på høgskolenivå
  • med interesse for velferdsteknologi
  • med erfaring frå kommunal helse- og omsorgsteneste
  • med erfaring frå prosjektleiing
  • med erfaring frå interkommunalt samarbeid
  • med førerkort kl B
  • som er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • som har gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • som har evne til å arbeide både sjølvstendig og på lag med andre
  • som har evne til nytenking og langsiktig planlegging.
  • som kan motivere og skape engasjement rundt tenestinnovasjon hos både tilsette og innbyggjarar i kommunane.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Mei tilbyr

  • stort ansvar og spennande arbeidsoppgåver
  • eit tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidshverdag
  • løn etter avtale med kommunale løns- og tilsetjingsvilkår
  • godt og engasjert samarbeid i Hallingdal
  • god barnehagedekning
  • hjelp til å finne bustad

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt.

 

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4302970
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 06.01.2022