Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
15.06.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4628399Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 10.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Ingeniør veg, vatn og avløp 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi ser no etter ein ny kollega ved teknisk kontor som vil få overordna fagansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av veg, vatn og avløp. Dette er ei spanande stilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver. Vi søkjer deg som har erfaring innan vatn og avløp, er innovativ og har stort engasjement for faget.
I kommunal VVA forvaltning skal ein handtere store verdiar, og som tilsett hos oss vil du bli involvert både i planarbeid og i ulike samarbeidsfora internt. Prosjektleiing vil i tillegg til forvaltning og drift utgjere ein viktig del av stillinga, då kommunen har fleire større og mindre VA-prosjekt dei komande åra. Det er difor ønskjeleg med erfaring frå prosjektstyring.
På teknisk kontor vil du jobbe blant mange dyktige kollegaer, og vi ser fram til å få ny kompetanse på plass for å løyse dei viktige oppgåvene våre. Om du finn stillinga interessant så håper vi du tek kontakt med oss , og at du sender oss ein søknad.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sin infrastruktur innan veg, vatn og avløp
- Utarbeiding og oppfølging av kommunen sine hovudplanar og rutinar innan fagområdet
- Prosjektleiing
- Saksbehandling
- Planlegging og oppfølging av kommunen sine drifts- og vedlikehaldsoppgåver i tett samarbeid med driftsleiar
- Tett samarbeid med plan- og byggesaksingeniørar
- Andre oppgåver i avdelinga
- Koordinerande ansvar innan forvaltning, drift og vedlikehald kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning som sivilingeniør/ingeniør innan VVA område
- Relevant erfaring innen VVA
- Kompetanse og erfaring frå prosjektleiing og offentleg anskaffing
- Erfaring innan offentleg forvaltning
- God økonomisk forståing
- Kjennskap til kartverktøy og generelt gode datakunnskapar
- God norsk skriftlig og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Målretta, strukturert og løysingsorientert
- Sjølvstending og gode samarbeidseigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Sørvisinnstilt, positiv og initiativrik
Vi vektlegg om ein er personleg egna for stillinga
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
15.06.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4628399Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 10.06.2022