Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.12.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5457364Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 30.11.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
100% fast spesialrådgjevar/jurist
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkar spesialrådgjevar/jurist til eininga Eigedomsutvikling. Dersom du har engasjement for eigedomsutvikling og gjennomføring og trivst i eit miljø med høge forventningar, spennande arbeidsoppgåver og eit samfunn i stor utvikling, er dette kanskje stillinga for deg.
Om avdelinga:Eigedomsavdelinga består av einingane utbygging, eigedomsutvikling, eigedomsforvaltning og reinhald. Avdelinga speler ei viktig rolle når det gjeld gjennomføring av arealplanar, private og offentlege, heilt frå planinitiativ til realisering av plan. Spesialrådgjevarstillinga er først og fremst knytt til gjennomføring, mellom anna arbeid med utbyggingsavtalar. Stillinga inneber og bistand til, og samarbeid med, einingane som har ansvar for utbygging og drift av kommunal eigedom. Her får du vere med å påverka korleis kommunen utviklar seg.
Arbeidsoppgåver:- Arbeid med utbyggingsavtalar
- Koordinere aktivitetar som involverer private partar og offentlege myndigheiter
- Sikre at gjennomføringsperspektivet i arbeidet med arealplanar vert ivaretatt frå planinitiativ til realisering
- Støtta utbygging og drift med kontraktar, rettigheiter i fast eigedom og andre eigedomsrettlege oppgåver
- Master i rettsvitskap
- Erfaring med offentleg forvaltning og offentleg/privat samarbeid
- Erfaring med plan- og bygningsrett og utbyggingsavtalar
- Erfaring med arealplanarbeid
- Erfaring med andre eigedomsrettslege tema, t.d. rettigheiter i fast eigedom
- Erfaring med prosessleiing
- Gode kommunikasjon- og samhandlings eigenskapar
- Utviklingsorientert og evne til å tenke heilskapleg
- Systematisk, evne til å prioritere og sikre gjennomføring
- Løysingsorientert og evne til å sjå nye tilnærmingsmåtar
- Du skriv godt og presenterer gjerne munnleg for andre det du har skrevet
- Fleksibel og kreativ
- Initiativrik og sjølvstendig
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode moglegheiter for heimekontor
- Administrasjonsspråket er nynorsk.
Advokat Cathrine Tvedt Lorentzen, 926 29 160
Eigedomssjef Jarle Kvalvik, 409 23 738
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.12.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5457364Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 30.11.2023