• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5357, FJELL
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5451751
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 21.11.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

100% fast Leiar beredskapsavdelinga

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ser etter deg som ønskjer å vere vår nye avdelingsleiar, samt ein del av leiarteamet ved brann‐ og redningstenesta i Øygarden kommune

Kanskje kjem du frå ei leiarstilling i anna brann‐ og redningsteneste, Politiet, Forsvaret, Sivilforsvaret eller ei stilling der strategisk leiing og operativ beredskap er aktuelle arbeidsområde. Du er ein leiar som har tru på at det alltid er mogleg å skape forbetring, og samstundes evnar å sjå den einskilde medarbeidar i sitt arbeid. Jobbinnhaldet er variert og utfordrande, og utvikling av samarbeid med tunge næringslivsaktørar som t.d. Equinor, er ei av oppgåvene.

Om Øygarden brann og redning

Øygarden brann og redning (ØBR) er ei eining i kommunalsjefområde Organisasjon og samfunnssikkerheit. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. I tillegg er det brannstasjonar på Dalsneset og i Skogsskiftet. I tillegg har vi ein samarbeidsavtale med Equinor, der fire tilsette frå ØBR inngår i ein dagkasernert styrke med lokasjon på Kollsnes prosessanlegg. Brann- og redningstenesta har om lag 65 heil‐ og deltidstilsette. Meir info: www.oybr.no. ØBR er med i det langsiktige brann‐ og redningssamarbeid Vest brann‐ og redningsregion.

Om beredskapsavdelinga og stillinga

Stillinga, som er lyst ut, rapporterer til brann‐ og redningssjefen, og inngår i leiargruppa. Det er om lag 55 heil‐ og deltidstilsette medarbeidarar ved avdelinga. ØBR har eit aktivt fagmiljø og mange faglege utfordringar. Du får fleksitidordning, og har to timar trening inkludert i arbeidstida per veke. Det er treningsrom tilgjengeleg på arbeidsstaden. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, og løn etter avtale. Uniformering etter gjeldande uniformsreglement.

Det kan vere aktuelt å leggje varabrannsjeffunksjon til stillinga. Dette vert vurdert særskilt. Varabrannsjefen er brann- og redningssjefen sin faste avløysar.

Kvinner vert særleg oppmode til å søkje.

Ansvarsområde
  • dagleg leiing av beredskapsavdelinga; oppfølgingsansvar for personell, fag og budsjett ved avdelinga
  • strategisk planlegging og vurdering av brann‐ og redningsberedskapen i kommunen, ROS‐analysar
  • HMSK‐arbeid ved avdelinga, t.d. sikre læring etter hendingar
  • inngå som ein del av leiargruppa ved ØBR, og vere bidragsytar til å løyse utfordringar som vert diskutert i toppleiinga
  • medverke i kommunen sitt beredskapsforum, som vert leia av eining for Tryggleik
  • deltaking i 5‐delt vaktordning for vakthavande brannsjef (jf. § 44 i brann‐ og redningsvesenforskriften), som vert godtgjort særskilt. Deltaking i vakta medfører at det er ønskjeleg at ein bur i kommunen, men det vert gjort ei vurdering for aktuelle kandidatar.
Kvalifikasjonskrav
  • høgskule‐ eller universitetsutdanning på minimum Bachelornivå, eventuelt kvalifisert som utrykkingsleiar heiltid. Jf. brann‐ og redningsvesenforskriften § 42
  • relevant erfaring som leiar frå aktuelt fagområde med eit oppfølgingsansvar for personell, fag og budsjett
  • førarkort kl. B, og tilfredsstiller helsekrav til å kunne kjøre utrykking (kode 160). Om ein ikkje allereie har kode 160, kan kurs for dette gjennomførast etter tilsetting
  • den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest etter brann og eksplosjonsvernloven § 18 med tilfredsstillande vandel
Ønskjelege kvalifikasjonar
  • Tilleggsutdanning innan leiing og økonomi
  • Kompetanse iht § 44 Personell i overordnet vaktberedskap (brann- og redningsvesenforskriften). Personar som ikkje tilfredsstillar krava til overordna vakt, får nødvendig opplæring innan 2 år.
Personlege eigenskapar
  • God på kommunikasjon, samarbeid, motivasjon
  • Stiller tydelege krav, følgjer opp og legger til rette for gjennomføring
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevnar i norsk
  • Har ein strukturert og analytisk arbeidsform
  • Evner å tenkje strategisk både på kort og lengre sikt
Kontakt

Spørsmål om stillinga kan rettast til brann‐ og redningssjef:

Bjørn Olav Paulsen, tlf. 934 41 955

Bjorn.Paulsen@oygarden.kommune.no 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel, og bustads‐ eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar, dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Saksbehandling i Øygarden kommune er på nynorsk.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5357, FJELL
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5451751
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 21.11.2023