Company
Fjord1 ASAApplication deadline
26.03.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5561, BOKN
BOKN
Number of positions
1Career-kode
6114106Look here for other jobs from Fjord1 ASA
- Updated 13.03.2025
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjord1 ASA
1.styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord
Ferger
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som 1. styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Mastrafjord.
Hos oss får du jobbe i ein bedrift med gode karriere moglegheitar, saman med dyktige og kjekke kollegaer. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.
Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.
Oppstart omgåande
Kvalifikasjoner:
Vi ser etter ein strukturert og samarbeidsvillig styrmann som trivst med ansvar og eit tett samarbeid med mannskapet. Du forstår og støttar opp om bedrifta sine mål, og har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø om bord. Med eit positivt humør, god kommunikasjonsevne og ei serviceinnstilt haldning bidrar du til ei trygg og smidig reise for både mannskap og passasjerar.
Kvalifikasjonar:
- Minimum D4-sertifikat
- VHF/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
- Gyldig helseattest
- Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Vi tilbyr:
Hos oss får du ein trygg og spanande arbeidskvardag om bord på moderne fartøy, med eit støttande og godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
- Gode velferdsordningar som gir deg ekstra trivsel både på jobb og fritid, som moglegheita til å leige leiligheiter eller hytter, og rabattordningar
- God turnusordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.
- Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode
Er du klar for nye utfordringar i eit framtidsretta reiarlag? Send inn søknaden din i dag – vi ser fram til å høyre frå deg!
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
26.03.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5561, BOKN
BOKN
Number of positions
1Career-kode
6114106Look here for other jobs from Fjord1 ASA
- Updated 13.03.2025