• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    16.09.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5561, BOKN
    BOKN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6702273
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

1.maskinist i 2:2 turnus  

Ferger

Vi søker no etter ein 1.maskinist til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.  

Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.

I rolla som 1. maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid. 

Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.

Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Kompetansesertifikat M2
  • Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF
  • FSE lav- og høyspenning
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

 Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.  

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår. 
  • Dagskift, 2 veker på og 2 veker av.
  • Ein kan bu ombord i arbeidsperioden.
  • Treningsrom om bord i fartøyet.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    16.09.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5561, BOKN
    BOKN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6702273
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA