• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    30.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5412, STORD
    STORD
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6505129
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

1.dekksoffiser i sjøvakt 1:2 Skjersholmane - Ranavik

Ferger

VIl du jobbe 1 uke og ha 2 uker fri?

Fjord1 har no ei ledig stilling som 1.dekksoffiser/ 1.styrmann i sambandet Skjersholmane - Ranavik, p.t. MF Florøy. 

Som ein av dei leiande aktørane innan miljøvenleg sjøtransport, satsar Fjord1 tungt på framtidsretta teknologi. MF Florøy er eit godt døme på denne satsinga – ei stillegåande og energieffektiv el‑ferje som representerer framtida på fjorden.

Som 1.dekksoffiser får du ei sentral rolle om bord, med fokus på tryggleik, berekraft og kontinuerleg utvikling. Denne stillinga er første steg på vegen mot å bli skipsførar, og i Fjord1 får du både erfaring, kunnskap og støtte til å utvikle deg i retning av høgare sertifikat, auka ansvar og leiande stillingar om bord. Du vil jobbe tett saman med erfarne kollegaer og få innsikt i heile drifta – noko som gir eit godt grunnlag for framtidig karriereløft.

Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekka reiekostnader til og frå arbeid.

Kvalifikasjoner:

  • Kompetansesertifikat D4
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • MES opplæring
  • Gyldig helseerklæring

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

Vi søkjer ein engasjert og ansvarsmedviten 1.dekksoffiser/1. styrmann med gode leiareigenskapar og solid navigasjonskompetanse. Du trives med å ta ansvar for tryggleik og operasjonar om bord, samarbeider godt i team, og er oppteken av kvalitet og service.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
  • Sjøvakt, 1 veke på, og 2 veker av.
  • Reise til/frå arbeid vert dekka.
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    30.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5412, STORD
    STORD
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6505129
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA