Radøy kommune
Radøy kommune ligg sentralt plassert i Nordhordland, og grensar i sør til Lindås kommune og i nordaust til Austrheim. Kommunesenteret Manger ligg ca 50 kilometer nord for Bergen, og ca 35 kilometer frå Mongstad.
Radøy kommune er kjend som den grøne øya, men består til saman av 269 øyer, holmar og skjer. Tilnamnet har kommunen fått på grunn av det frodige, grøne natur- og kulturlandskapet som går heilt ned i sjøkanten.
Kommunen har fleire større bedrifter, mellom anna Radøygruppen på Vetås, Mundal båt i Storsandvik og Plastinvent på industriområdet Olsvollstrand. Desse tre verksemdene profilerer seg under fellesnemninga Subsea Island. Lenger nord i kommunen finn me mellom anna Fiskenett, Stabburet marine produkter og Natre Manger.
Radøy kommune er ein kommune i vekst, og runda i 2012 5000 innbyggjarar. Me har eit godt, desentralisert skule- og barnehagetilbod, og tilbyr gode tenester innan alle fagområde.
Ynskjer du å bu i Radøy kommune, kan du også gleda deg over eit rikt kulturliv, mange aktive lag- og organisasjonar og fleire idrettsanlegg. Her må me særskilt nemna Radøyhallen, som er det einaste 25 meters-bassenget i heile Nordhordland.
Velkomen til Radøy!
Join our Candidate Bank
Are you interested in our company? Connect to our Candidate Bank. You will be first to know about our job openings.
Open positions
We have no open positions at this time.