• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4481537
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 06.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjord1 ASA

Hjelp oss å videreutvikle og modernisere Fjord1 sitt lønnsarbeid!

Ferger

 

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og har ein leiande posisjon i ferjenæringa. Målsetnaden er å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg og påliteleg transport. Våre kompetente tilsette gjer Fjord1 til eit føregangsselskap når det gjeld tryggleik, innovasjon, teknologi og miljø.  


Fjord1 skal styrke og utvikle lønnsområdet, og er på jakt etter den rette leiaren til dette spennande og viktige arbeidet! 

Vår lønnsavdeling består av fem dyktige og engasjerte medarbeidarar. Dei er ein dedikert gjeng med høg arbeidsmoral og fantastisk humør som utfører nokre av dei viktigaste funksjonane i Fjord1.

Vi ønskjer å utvikle og modernisere lønnsarbeidet, ved å ta med oss all vår kompetanse og erfaring inn i moderne system, tankesett og rutinar. Difor søker vi etter deg som vert trigga og motivert av denne spennande oppgåva! Vi ser etter deg som har arbeidserfaring innan lønn, HR, økonomi eller andre områder som gir innsikt og forståing for lønnsområdet.

Du treng ikkje ha leiarerfaring frå tidlegare, vi kan lære deg å vere ein god leiar! Men du evner å heve blikket, sjå samanhengar og det store biletet. Du er oppteken av gode relasjonar samtidig som du ønskjer endringar og effektivisering velkommen i kvardagen. Du ser løysingar og trivst med utvikling av både system, rutinar og medarbeidarar.

 

Ser dette spennande ut? Ring oss gjerne for ein hyggeleg og uforpliktande prat og meir informasjon!


Søknadar vert handsama fortløpande etter kvart som dei blir mottatt.

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning - gjerne innan økonomiske fag 
  • Arbeidserfaring innan lønn, HR, økonomi eller andre områder som gir innsikt og forståing for lønnsområdet
  • Kjennskap/erfaring med Unit4 BW  (Agresso) sin lønnsmodul er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskapar
  • Generelt gode IT kunnskapar og god systemforståing

Personlige egenskaper:

  • Nøyaktig, strukturert og kvalitetsorientert
  • Pådrivar med positive haldningar, engasjement og initiativ
  • Du ser heilskapen i bedrifta og tør å stille spørsmål og utfordre etablert praksis
  • Gode relasjonelle og mellommennesklege eigenskapar 

Vi tilbyr:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit lønnsteam med godt samhald og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit for å læring, vekst og utvikling
  • Leiarutviklingsprogram
  • Fagleg dyktige og engasjerte kollegaer på tvers av selskapet
  • Konkurransedyktig lønn, forsikring og pensjonsordning
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4481537
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 06.07.2022