Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
13.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6572455Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vil du være med å forme framtidas maritime teknologi?
Ferger
Fjord1 søker engasjert og erfaren maskinist til eit spennande engasjement i byggetilsyn for ombygging av fartøy!
Fjord1 skal gjennomføre 3 større ombyggingar av fartøya MF Hornelen, MF Losna og MF Nordfjord i samband med tilpassing for samband i Sogn og Fjordane. I samarbeid med kompetente tilsette ved Tersan Havyard (Leirvik i Sogn) skal vi mellom anna oppgradere framdriftslinjene på fartøya til dagsaktuell moderne, miljøvennleg teknologi.
Er du ein erfaren maskinist, gjerne med prosjekterfaring eller teknisk kompetanse som er relevant for byggetilsyn? Då vil vi gjerne høyre frå deg, dette er ei unik anledning til å vere med på utviklinga av framtidas ferjedrift i Noreg!
Prosjektet er tidsavgrensa med ombygging og vedlikehald som varer fra hausten 2026 til hausten 2027. Du får jobbe tett på verft og vere ein del av eit kompetent team med prosjektleiar, nautikar og maskinist. For perioden på verft legg ein som utgangspunkt opp til 2 veker på byggjeverft og deretter 1 veke fri. Ved særlege høve kan andre ordningar vurderast. Ved innfasing i prosjektet kan det måtte påreknast noko tid på hovudkontoret i Florø.
I hektiske periodar ved byggeverftet, kan det bli nødvendig med ein ekstra innsats, men fleksibiliteten går begge vegar. Er du ein person som ikkje er redd for nye utfordringar, og som kjenner at her kan du både utvikle deg og bidra med verdifull kompetanse? Då kan du vere den vi ser etter!
Eksterne søkarar vil etter ferdigstilling stille sterkt dersom ein vil søke på utlyste relevante stillingar i Fjord1. Som selskap vil vi ha stor interesse i vidareføring av opparbeida kompetanse frå prosjektgjennomføringa inn i drifta av våre moderne og miljøvennlege fartøy.
Er du nysgjerrig på å ta del i denne viktige satsinga og samtidig sikre deg ein spennande og trygg jobb i framtidas ferjenæring? Ta kontakt!
Kvalifikasjoner:
- Har utdanning som maskinist, og gjerne arbeidserfaring fra ferjedrift
- Har anna relevant utdanning og erfaring frå design-, verfts- eller utstyrsleverandør, helst knytt til ferger
- Meistrar å nytte engelsk som arbeidsspråk, då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
- Erfaring frå lengre verftsopphald vil bli vektlagt
- Er generelt god på å nytte dagens datateknologi som arbeidsverktøy
- Gode ferdigheiter i bruk av selskapet sine vedlikeholds- og og styringssystem, eller evne til å tileigne seg dette
- Det er ein fordel med kjennskap til nokon av fartøya som skal byggast om, men ikkje eit krav
Treffer noko av dette deg, så høyrer vi gjerne ifra deg!
Personlige egenskaper:
- Har ei systematisk og nøyaktig arbeidsform
- Er ansvarleg og initiativrik som person
- Framstår som fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å arbeide i team
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr:
- Kompetansefremjande stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ein viktig del av Fjord1 si drift
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med god kultur for samarbeid
- Fagleg og personleg vekst i ein stor og trygg organisasjon
- Stiller sterkt som kandidat for vidare karriere i reiarlaget, dersom ynskje, rette kvalifikasjonar og ledige stillingar
- Normalarbeidstid på kontoret og turnus ved verft
- Ei velferdsordning vi er meget stolt av, samt marknadens beste ordningar for forsikring og pensjon?
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
13.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6572455Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
-
Vil du være med å forme framtidas maritime teknologi?
Fjord1 ASA
FLORØ -
1. maskinist til nye autonome ferjer Lavik -Oppedal
Fjord1 ASA
LAVIK -
Ambulerandre matros - Arsvågen-Mortavika
Fjord1 ASA
BOKN -
Sjøvakt 1:2 / 2:4 på Hufthamar-Krokeide
Fjord1 ASA
STOREBØ -
Matros Arsvågen-Mortavika, pt. MF Boknafjord
Fjord1 ASA
BOKN