Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Vil du lage nyheiter frå Vestland til heile landet?

Radio- og TV-selskaper

Er du på utkik etter fast jobb i NRK? Dette er ein sjeldan sjanse. NRK Vestland har ledig ein fast jobb som journalist i Sogndal.

Vi ser etter ein journalist som kan løfte saker frå Sogn til eit regionalt og nasjonalt publikum.  

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter ein journalist som har erfaring frå nyheitsarbeid og som følgjer med på nyheiter. 

Vi er spesielt opptekne av at sakene våre skal nå ut til dei som brukar oss minst, blant anna eit ungt publikum.

Dersom du skriv godt og engasjerande, vil fleire lese det du skriv. Det er ein fordel om du kan skrive nynorsk, eller er innstilt på å lære det.

Gode bilete er eit anna viktig verkemiddel for å nå breitt ut med sakene. Vi ynskjer deg som kan ta bilete eller som er interessert i å lære det. Du vil få opplæring i å filme og redigere.

Du må ha førarkort i jobben.

Vi tilbyr:

I NRK Vestland blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.

Redaksjonen har ei eiga ung-gruppe som går i spissen for å nå eit ungt publikum, og som er opptekne av å dele kunnskapane sine med resten av redaksjonen.

Vi satsar også på undersøkande journalistikk og har eigne journalistar som er med i ei gravegruppe.

NRK er ikkje lønsleiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe saman med og lære av nokon av dei beste i mediebransjen. 

NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.