Detaljer

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    20.09.2020
  • Sted:
    AUKRA
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    AUKRA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3125503
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune

Vil du jobbe som kokk på nye Aukra Omsorgssenter?

 

Se kildebildet

 

 

Vil du kome til denne vakre øya? Her er det moglegheit for gode opplevingar både i jobb og privat. Vakre naturopplevingar i nærområdet, jazz byen Molde 25 min køyretur unna. Romsdalseggen 7 mil unna, kulturopplevingar både på øya og på fastlandet. 

 

30% fast stilling som kokk for tida på Aukra Omsorgssenter.

 

Pleie og omsorg i Aukra består av: 

Langtidsplassar

Korttid, rehabilitering og avlastningsplassar

Institusjonskjøkken som server både sjukeheimspasientar og heimebuande

Heimetenester og omsorgsbustadar med heildøgns omsorg

Dagsenter for eldre, dagaktivitet for psykisk helse og rus, dagaktivitet for tiltak funksjonshemma

Bufellesskap for tiltak funksjonshemma, avlastningsteneste

Heimetenesta og Institusjonstenesta har samarbeid på tvers, vi driftar blant anna felles nattevaktsturnus og felles legevaktsatelitt. Det er avgjerande at søkar er fleksibel og kan nyttast der oppgåva er.  

Tilsette i pleie og omsorg har tilgang til e-læringskurs gjennom  KS læring og veilederen.no.

Aukra kommune har tatt i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og vi nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. 

 

Krav til søkar: 

Fagbrev

At du er med på utvikling og tilpassar tenestetilbodet ut frå endringar i samfunnet

Ser nytten av teknologi i tenesten

Du er god på kommunikasjon og samhandling, og er fleksibel

God datakonnskap

Må kunne beherske skriftleg og munnleg norsk

Personleg eigna for stillinga

 

Søkarliste:  

Du kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge. 

 

Søknad sendast elektronisk. 

 

Litt om Aukra kommune og nærområdet: 

Aukra kommune ligg på øya Gossen og fastlandet Julsundet. Det er om lag 3600 innbyggjarar. 

Kommunen ligg i naturskjønne omgivelser i havgapet, og det er difor ei perle for folk som liker utendørs aktivitetar. 

Om du bor på øya er det knappe 25 min køyretur til næraste by Molde (inkludert 10 min ferge). Kommunane kring Aukra byr på flotte fjellopplevingar, vi har Romsdalseggen i Rauma berre 7 mil unna, og dei kjende Midsundtrappene på naboøya. 

Kulturlivet i regionen er variert. Aukra kommune har nytt kulturhus under oppføring, med eigen svømmehall. 

Molde jazz festival, Jugendfestivalen i Ålesund, Bjørnsonfestivalen, Midsundfestivalen og Raumarock er døme på populære festivalar i nærområdet.

Aukra kommune har eit rikt aktivitetstilbod. Døme på dette er treningssenter, motorsportklubb, kulturskuletilbod, Gossen idrettslag, flotte naturstiar og jakt/fiske. 

Aukra kommune har flotte skule- og barnehagetilbod både på øya og fastlandet. 

For deg som ynskjer å busette deg i kommunen vil du kunne finne alt frå gårdsbruk til nyoppførte leiligheter til ein fin pris. Døme frå finn.no : småbruk med våningshus 1 450 000kr.  

Vi håper at interessa for jobben og kommunen vart vekka.  Om du har spørsmål ring eller send mail til ein av kontaktpersonane i annonsa.

 

Vedlagt i annonsa ligg reklamefilmar frå Aukra næringsforum, den eine viser eit aktivt initiativ frå lokale aktørar når det gjeld kortreist mat, den andre viser lokalbefolkninga og ulike aktivitetar.