Detaljer


Vil du jobbe med statistikk og analyse av arbeidsmarknaden?

 

I seksjon for arbeidsmarknads- og lønnsstatistikk er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent/rådgivar. Hovudarbeidsfeltet i seksjonen er å utarbeide statistikk om sysselsetjing, sjukefråvær, lønn og gjennomføre arbeidskraftundersøkinga. A-ordninga utgjer ei viktig datakjelde som gir gode høve for å lage statistikk og analysar om arbeidsmarknaden.

Mykje av arbeidet i seksjonen er knytt til kontraktar med hovudorganisasjonane i arbeidslivet, departement og andre oppdragsgivarar utanfor SSB.

 

Arbeidsoppgåver
  • Løpande publisering og utvikling av statistikk om arbeidsmarknaden
  • Deltaking i prosjekt og analyseoppdrag
  • Tabelloppdrag og samarbeid med partnarar i arbeidslivet
  • Sørgje for modernisering og effektivisering av produksjonsrutinar
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst innanfor samfunnsøkonomi, statististikk, statsvitskap, matematikk eller annan samfunnsvitskapleg utdanningsbakgrunn. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God tal forståing
  • God munnleg og skriftleg i norsk
  • Det er ønskjeleg med:
  • Erfaring frå statistikkproduksjon og analyse, helst innan arbeidsmarknaden
  • Kunnskap om metodar og tekniske verktøy for utvikling av statistikkproduksjon
  • For tilsetjing som rådgivar blir det stilt krav til god kjennskap til statistikkproduksjon, og erfaring med å skrive analyseartiklar
Personlege eigenskapar
  • God på samarbeid
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God til å kommunisere
  • Analytisk
  • Initiativrik med god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar (kode 1408/1434) i lønsspenn frå kr 456 400 til 552 800 etter kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som
    blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og
    vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar
    før tilsetjing.
  • Vi gjer oppmerksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt
    om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil
    søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar
    kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne
    eller hol i CV. Søkjarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, må vere
    innforstått med at denne opplysinga kan brukast til registreringsformål jf. arbeidet til regjeringa med
    inkluderingsdugnaden.
  • Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.