• Bedrift
    Skatteetaten
  • Søknadsfrist
    15.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6065, ULSTEINVIK
    ULSTEIN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6608704
  • Se her for andre jobber fra Skatteetaten
Ledig stilling

Skatteetaten

Vil du jobbe med saksbehandling i eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø?

Direktorater og tilsynsorgan

Vi på skattekontoret i Ulstein har ansvar for å sikre god kvalitet på skattemelding og skatteoppgjer for lønstakarar og pensjonistar. Dette gjer vi gjennom å gi god rettleiing, saksbehandling, kontroll og klagebehandling. Hos oss får du jobbe med eit fagområde som rører ved nesten alle i Noreg – og samstundes bidra til å sikre finansieringa av velferdsstaten.

No søkjer vi tre nye kollegaer til gruppa vår. Vi ser etter deg som likar saksbehandling, og som ønskjer å jobbe i eit kompetansemiljø der du stadig får bryne deg på nye og ulike problemstillingar. Du vil få god opplæring, og kan gjerne vere nyutdanna. Hos oss blir du ein del av ei samansveisa gruppe med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi stiller opp for kvarandre, deler kompetanse og legg stor vekt på trivsel og samarbeid.

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter deg som har høgare relevant utdanning på bachelornivå, helst innan økonomi og administrasjon, rekneskap eller jus. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Utenlandske grader må vere godkjende av NOKUT / Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

I tillegg må du ha

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • god digital kompetanse og interesse for å lære å ta i bruk nye digitale verktøy, inkludert kunstig intelligens (KI)
  • grunnleggande talforståing og evne til å jobbe strukturert med regelverk

Det er ikkje eit krav, men ein fordel om du har

  • erfaring med saksbehandling, kontrollarbeid eller regelverksforvaltning
  • kjennskap til skatte- og avgiftsregelverk
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • gode nynorskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlige egenskaper:

For å trivast og lukkast i stillinga treng vi deg som

  • kommuniserer godt med andre, formidlar bodskap på ein enkel og lettfatteleg måte, lyttar aktivt, gir konstruktive tilbakemeldingar og har ein løysingsorientert tilnærming
  • tek initiativ når du ser moglegheiter for forbetring og utvikling, og handlar sjølvstendig for å få til endringar – både åleine og saman med andre
  • er lærevillig, likar å lære og utvikle deg både fagleg og personleg, set deg raskt inn i nye problemstillingar og tek ansvar utover eige ansvarsområde
  • jobbar målretta, effektivt og resultatorientert, får ting gjort og leverer gode resultat sjølv om det dukkar opp utfordringar
  • trivst med å jobbe sjølvstendig, samstundes som du er ein lagspelar som samarbeider godt med andre, deler kunnskap og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • skapar gode relasjonar med kollegaer og andre samarbeidspartnarar, er tillitsskapande og serviceinnstilt, med tydeleg brukarfokus

Vi tilbyr:

Høyrest det meiningsfullt ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss. Vi kan by på moglegheita til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nyskapande organisasjon som har stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg saman med kollegaer frå andre fagområde, og får stor fridom til å planleggje eigen arbeidsdag.

Hos oss får du rammer som gir ein god balanse mellom jobb og fritid: fleksitid og betalt overtid, sommartid og moglegheit til å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna gode pensjonsordningar og moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på spk.no.

Vi veit at mange ønskjer ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheit til å veksle mellom heimekontor og å møte på kontoret. Hos oss kan ein inngå avtale om heimearbeid inntil to dagar i veka når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere.

Du blir tilsett som rådgivar eller seniorrådgivar med ei årsløn mellom kr 600 000 og kr 750 000, avhengig av kvalifikasjonane dine. Dei første seks månadene blir rekna som prøvetid.

Viktig å vite før du søkjer

Vi bruker ikkje søknadsbrev: Når du søkjer på stillinga, treng du ikkje skrive søknadsbrev, men levere ein utfyllande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer deg kvalifisert til jobben. Ta med kva oppgåver og fagområde du har hatt ansvar for, og kva resultat du har oppnådd. Det er fint om du legg ved vitnemål, karakterutskrifter og relevante attestar.

Omvend referansesjekk: For at du skal kjenne deg trygg i valet om å jobbe hos oss, tilbyr vi omvend referansesjekk. Dersom du er aktuell for stillinga, vil du få tilbod om å ta kontakt med nokre av medarbeidarane våre slik at du kan stille dei spørsmåla du ønskjer, og finne ut om vi er ein god match.

Mangfald og likestilling: Vi er på jobb for alle, og ønskjer å vere ein god arbeidsplass for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd. Har du hol i CV-en, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg om å krysse av for dette når du søkjer. Det kan gi moglegheit for positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Offentleg søkjarliste: Ver merksam på at namnet ditt vil stå på ei offentleg søkjarliste når du søkjer jobb hos oss. Du kan be om å bli unnateken frå lista ved å grunngje dette, og vi vil vurdere førespurnaden din nærare.

Bakgrunnssjekk: Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar og stadfestar utdanning og arbeidserfaring.

 

Om arbeidsgivaren
Vel ein jobb der du får utfordra deg sjølv gjennom å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansieringa av velferdssamfunnet ved å sørgje for at alle bidrar med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferda er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne. Vi består av eit direktorat, fem divisjonar med landsdekkjande ansvar og, viktigast av alt: litt over 7000 engasjerte medarbeidarar som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda betre kjent med oss og alt vi held på med? Les meir på skatteetaten.no

 

  • Bedrift
    Skatteetaten
  • Søknadsfrist
    15.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6065, ULSTEINVIK
    ULSTEIN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6608704
  • Se her for andre jobber fra Skatteetaten