Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Vikariat i 100% fagstilling ved Indre Nordmøre barneverntjeneste

Brannvesen

INDRE NORDMØRE BARNEVERNTJENESTE FOR KOMMUNANE SURNADAL, RINDAL, SUNNDAL OG TINGVOLL HAR LEDIG VIKARIAT I 100% STILLING.

Surnadal kommune er vertskommune for samararbeidet og eininga er organisert med kontorstader både i Sunndal og Surnadal


Vi får ledig eit vikariat i 100% stilling i perioden mai 2023 og i om lag eit år med bakgrunn i foreldrepermisjon.
 

Vikariatet er knytt til team som arbeider med undersøkelse og oppfølging av hjelpetiltak.

 

Barneverntjenesta er inndelt i team og har eigne teamleiarar:

- Avklaring av meldingar, undersøkelse og hjelpetiltak for barn som bur heime, med eit team i Sunndal og eit i Surnadal

- Tilsyns-, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen

 

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling etter lov om barnevern
  • Systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, også i nært samarbeide med andre
  • Utstrakt kontakt med barn og foreldre, der medverknad blir vektlagt
  • Fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket
  • Forberede, gjennomføre og følge opp saker i fylkenemd og andre rettsinstansar

Vi søker deg som:

  • Kan arbeide sjølvstendig og strukturert og har handlekraft
  • Som er god på kommunikasjon og har dei evnene som trengst for å få til samarbeid
  • Greier å stå i pressa situasjonar over tid og som tåler følesesmessige påkjenningar over tid
  • Er trygg og tydeleg i barnevernfaglege vurderingar
  • Tenker heilheitleg og har stor arbeidskapasitet
  • Har god skriftleg og muntleg framstillingsevne

Ved tilsetting legg vi vekt på personlege eigenskapar og det å vere egna for arbeidet.

 

Krav til kvalifikasjonar:

Fortrinnsvis utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, evt anna relevant høgskuleutdanning.

Det er ønskeleg med barnevernfagleg arbeidserfaring og gjerne relevant vidareutdanning.

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Du å disponere bil.

 

Vi kan tilby:

- Faglege utfordringar og gode mulegheiter for personleg utvikling i eit godt fagleg miljø

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

- Kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff