Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Vikariat 100% stilling som demenskoordinator/sjukepleiar i Heimetenesta

Brannvesen

LEDIG VIKARIAT I 100% STILLING SOM DEMENSKOORDINATOR/SJUKEPLEIAR I PERIODEN JUNI 2021 - MAI 2022.

Stillinga inneber arbeid i turnus, med f.t arbeid tredje kvar helg med oppgåver i heimesjukepleia og rolle som demenskoordinator i eininga.

Dersom det blir gjort tilsetting av ein intern søkar, vil det bli ledig eit vikariat i 100% stilling som sjukepleiar. Ver venleg og skriv i søknadsbrevet om du søkjer på vikariat som sjukepleiar.

 

Arbeidsoppgåver:

I arbeidet som demenskoordinator er det pasientretta arbeidet prioritert. Hovudoppgåva er å gje råd og rettleiing til pasientar med demenssjukdom og til pårørande, samt planlegge, legge til rette for og å utøve pleiefaglege oppgåver.

Demenskoordinatoren skal bidra til god demensomsorg i kommunen ved å vere pådrivar for gode rutiner og eit godt systematisk og koordinert tenestetilbod til pasientar med kognitiv svikt/demenssjukdom.

Demenskoordinatoren er Surnadal kommune sin kontaktperson for oppgåver i demensomsorga ovanfor både 1. og 2.linjetenesta. Demenskoordinatoren har tett samarbeid med dei andre i demensteamet i eininga.

Det er sett av dagar kvar veke med tid til å følgje opp arbeidsoppgåvnene. Fordeling av stillingsprosent mellom sjukepleiestilling og og koordinator vil kunne variere ut i frå behov og t.d ferieperiodar, men utgangspunktet er ei 50/50-deling

Oversjukepleiar blir næraste overordna.

 

Kvalifikasjonar:

- autorisasjon som sjukepleiar

- relevant etter- og vidareutdanning (t.d geriatri) er ein fordel

Personlege eigenskapar:

- vere fagleg trygg

- kunne til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø

- ha gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre i arbeid og endring

- kunne initiere og drive utviklingsarbeid

- inneha god muntleg og skriftleg framstillingsevne

- ha vilje og evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr:

- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

- løns- og arbeidsvilkår i hht gjeldande avtaleverk

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- flyttegodtgjersle i tråd med kommunen sin personalplan

Tilsettingsvilkår:

Du må ha førarkort kl.B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.