Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
28.03.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5076162Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Vikarar til barnehagane i Kvam - Oppveksteininga
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me treng fleire tilsette i barnehagane våre frå snarast.
Me har 6 flotte barnehagar med mange dyktige tilsette som bidreg med høg kompetanse og god kvalitet. For å kunna tilby gode barnehagar ynskjer me tilsette som er gode på å sjå og møta barn. No har me behov for fleire vikarar i ulike stillingar fram til sommaren 2023 og treng deg med oss på laget.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper
- Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
- Vera ein trygg vaksen
- Tilretteleggja for leik og læring
- Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
- Delta i å utvikla barnehagen
- Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
- Bidra til å ivareta helse-miljø og sikkerheit i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Barne, og ungdomsarbeidar, men er også interessert i deg som har anna utdanning eller yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Gode norskkunnskapar
- Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden
Personlege eigenskapar
- Påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Du har godt humør og positiv innstilling
- Deg som er leiken og evnar å inspirera barn
- Møter barn, kollega og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Eit barnesyn som seier: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppggåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
28.03.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5076162Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
-
Fagarbeidar barnehage
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Pedagog i visuelle kunstfag - Kvam kulturskule
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Konsulent i sosialtenesta - NAV Kvam
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Sjukepleiar Toloheimen langtidsavdeling - demens
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Bustadkoordinator NAV Kvam
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND