Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Vernepleiar i fast 100% stilling ved Surnadal sjukeheim

Brannvesen

Surnadal sjukeheim har ledig stilling for vernepleiar.

Stillinga inngår i turnus. Vi har ulike vaktlengder og arbeid enten kvar 3.eller 4.helg. 

Dei som har 4.kvar helg arbeider langvakter på 12,5 time.

 Om oss

Vi er ein institusjon med 58 beburarrom fordelt på langtidsavdelingar, ei avdeling for personar med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 bebuarrom.

Nokre av medarbeidarane våre har stillinga si, eller delar av denne, knytt til ein bemanningspool for sjukeheimen.

 Hos oss har vi stort fokus på:

  • fagutvikling
  • rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene med mål om auka tryggleik, kvalitet og trivsel
  • kvalitet i tenestene
  • velferdsteknologi
  • aktivisering
  • matglede

Vi ser etter:

  • vernepleiar med norsk autorisasjone
  • vi ønsker oss søkarar som både er nyutdanna og som har erfaring
  • du må kunne kommunisere godt på norsk og har god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon

Arbeidsoppgåver:

  • utøve vernepleie i avdeling
  • delta i utviklingsarbeid
  • vere aktivt med i faglege beslutningar
  • veiledning og opplæring av kollegaer og studentar
  • vere medansvarleg for planlegging av aktivitetar for bebuarane
  • bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
  • bidra til godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartar
  • ivareta rapportering i samsvar med gjeldande rutiner

Personlege eigenskapar:

Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og har fokus på å finne løysingar, noko som inneber at du er fleksibel.

Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.

Det er eit vilkår for tilsetting av det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

 Vi kan tilby:

  • opplæring, veiledning og deltaking i refleksjonsgrupper
  • avklara rolle og eigen stillingsbeskrivelse
  • fagleg utvikling
  • godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • turnus der det er mogleg å gjere individuelle tilpasningar
  • flyttegodtgjersle etter regane i personalplanen

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv insitusjon der kvar enkelt er verdifull !

Besøk oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim