Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
08.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5357932Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 15.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Surnadal kommune
Vernepleiar, fast 100% stilling ved Surnadal sjukeheim
Brannvesen
Surnadal sjukeheim har ledig fast 100% stilling for vernepleiar.
Stillinga inngår i turnus. Vi har ulike vaktlengder og enten arbeid enten kvar 3. eller 4. helg. Dei som arbeider kvar 4.helg har langvakter med 12,5 time.
Om oss
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, ei avdeling for personar med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom. Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si, i ein bemanningspool for sjukeheimen.
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene med mål om auka tryggleik, kvalitet og trivsel
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- refleksjon
- aktivisering
- matglede
Vi ser etter:
- vernepleiarar med norsk autorisasjon
- vi ønskjer oss både deg som er nyutdanna og som har erfaring
- du må kunne kommunisere godt på norsk og og har god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon
Arbeidsoppgåver:
- utøve vernepleie på avdelinga
- delta i utviklingsarbeid
- delta aktivt i faglege beslutningar
- veiledning og opplæring av kollegaer og studentar
- vere medansvarleg for planlegging av aktivitetar for pasientane
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
- bidra til godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartar
- ivareta rapportering i samsvar med gjeldande rutiner
Personlege eigenskapar:
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og har fokus på å finne løysingar, noko som inneber at du er fleksibel.
Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi kan tilby:
- opplæring, veiledning og deltaking i refleksjonsgrupper
- avklart rolle og eigen stillingsbeskrivelse
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmlijø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
08.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5357932Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 15.09.2023