Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Vernepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ledig årsvikariat for vernepleiar/sjukepleiar frå mars 2024, med moglegheit for forlenging.

  • Stillinga er knytt til Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester i Norheimsund, som gjev tenester til mennesker med utviklingshemming
  • Me vil gje gode tenester med fokus på målretta miljøarbeid og ynskjer å legga til rette for trivsel og utvikling i eigen bustad.
  • Arbeidstidsordninga vår er todelt turnus med tidlegvakt/seinvakt og arbeid kvar 3.helg.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
  • I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, kartlegging og arbeid med indivduell plan
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
  • Legemiddelhandtering med til dømes dosering, medikamentadministrering og ansvar for medisinrom
  • Kartlegging

Kvalifikasjonar

  • Me ynskjer oss ein medarbeidar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement, med fokus på miljøarbeid
  • Autorisert vernepleiar/sjukepleiar
  • Det er ynskjeleg med relevant erfaring frå brukargruppa
  • Førarkort klasse B
  • Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a.

Personlege eigenskapar

  • Solid fagleg forankring og god gjennomføringsevne
  • Evne til både sjølvstendig arbeid og i team
  • Lojal mot avgjerder som vert tatt i arbeidsgruppa
  • har gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
  • Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
  • Leiarar som ser heilskap
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.