Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
01.06.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5111897Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 26.05.2023
Gulen kommune
2. gongs utlysing, Vegvoktar 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge.
Vi har ledig 100% fast stilling som vegvoktar frå snarast/etter avtale. Stillinga ligg til avdeling Eigedomsforvaltning, kor me har 24 tilsette som jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhald, veg, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta. Denne stillinga vil vere lagt til oppmøtestad Eivindvik, men heile kommunen vert arbeidsstad. Vegvoktaren har i hovudsak ansvar for drift og vedlikehald av om lag 134km kommunal veg.
Arbeidsoppgåver:
- Drift og vedlikehaldsoppgåver på kommunale vegar, kaier, VA-anlegg og uteområde
- Oppfølging/utføring av drift og vedlikehaldsprosjekt i eiga regi eller i samarbeid med ekstern entrepenør
- Internkontrollar og avviksrapportering/utbetring
- Skjødsel av grøntområde
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev innanfor relevant fagområde. Relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
- Relevant arbeidserfaring
- Har grunnleggande datakunnskap
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Krav om førarkort kl B, C1, BE og T over 3,5
- Ynskjeleg med klasse C, kompetansebevis arbeidsvarsling 1, lift, motorsag, og YSK
Personlege eigenskapar:
- Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
- Løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
- Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar
- Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert
- Trivst med fysisk arbeid
- Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
01.06.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5111897Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 26.05.2023