• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    24.06.2021
  • Sted:
    TYSSE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    TYSSE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3920728
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune

Vedlikeholdsarbeider teknisk drift

Samnanger kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eining for teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale eigedommar, vegar, vass- og avløpsanlegg, og reinhaldet i kommunen. Eining for teknisk drift er ei sørvisretta verksemd som held til i lokala til BKK på Frøland. Samnanger kommune har ledig 100 % stilling i driftsavdeling med særskilt ansvar for kyrkjegard og grøntanlegg ved eining for teknisk drift.

 Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av kyrkjegard, kommunale bygningar og uteområde/parkar
  • Drift og vedlikehald av vegar og gatelys
  • Drift og vedlikehald av idrettsanlegg og baseng
  • Kvalitetssikring, internkontroller og aviksrapportering
  • Kan bli mulig å inngå i kommunen sine beredskapsplanar med teknisk vakt, brøytevakt og ev brannvakt
  • Andre arbeidsoppgåvar innenfor fagfelta kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev innan relevante fagområder
  • Har relevant erfaring frå arbeidslivet
  • Har grunnleggjande datakunnskapar
  • Har førarkort, min kl B

Personlege eigenskapar:

  • Må kunna forhalda seg til kommunens innbyggjarar
  • Kan arbeida sjølvstendig og kan lett tilegna seg nye oppgåver
  • Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert
  • Har ei strukturert arbeidsform
  • Trivst med fysisk arbeid
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde. Personen me søkjer må vere samarbeidsviljug og ha dei personlege eigenskapane me ser etter


Me tilbyr:

  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring


Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.

 
  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    24.06.2021
  • Sted:
    TYSSE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    TYSSE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3920728
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune