• Bedrift
    Fjellstrand AS
  • Søknadsfrist
    23.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5632, OMASTRAND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6496832
  • Se her for andre jobber fra Fjellstrand AS

Fjellstrand AS

Vedlikehaldsmedarbeidar

Vedlikehaldsmedarbeidar

Skipsbyggerier og -verft

Fjellstrand AS er eit innovativt skipsverft med lange tradisjonar i den norske maritime industrien. Verftet har delteke i fleire nyvinnande utviklingsprosjekt innan grøn teknologi. Me har utvikla og bygd både verdas første heilelektriske bilferge, MF «Ampere» og verdas første heilelektriske og utsleppsfrie hurtigbåt, MS «Medstraum». I tillegg til nybygg har Fjellstrand mange ombyggings- og vedlikehaldsprosjekt.

Me søkjer etter ein praktisk anlagt og løysingsorientert vedlikehaldsmedarbeidar til verftet vårt på Omastrand. Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling

 

Arbeidsoppgåver:

  • Vedlikehald av bygningar, maskinpark og utstyr
  • Interntransport av fartøy og fartøysseksjonar
  • Utføring av landsetting og sjøsetting av fartøy
  • Arbeidsleiar for mindre oppdrag etter behov
  • For den rette personen kan det på sikt bli aktuelt med utvida ansvar innan vedlikehald

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som har praktisk erfaring og interesse for vedlikehald, anten du har fagbrev eller har opparbeidd deg kompetanse gjennom arbeid.

Det er ein fordel om du har: 

  • Fagbrev eller relevant erfaring innan mekaniske og/ eller byggtekniske fag
  • Erfaring med drift og vedlikehald av bygg, maskiner eller teknisk utstyr
  • Grunnleggjande kjennskap til bruk av dataverktøy Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring 

Dette kan me tilby:

  • Deltaking i spennande og varierte prosjekt
  • Ein arbeidskvardag med stor variasjon og ansvar
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle arbeidsmetodane våre
  • Godt arbeidsmiljø og utviklingsmoglegheiter

Arbeidsstad er verftet sine fasilitetar på Omastrand i Hardanger, i naturskjønne omgjevnader med gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv.

Send ein kort søknad og CV på e-post til: terje.maloy@fjellstrand.no For meir informasjon: Nils Ove Berge, tlf. 992 07 211 Terje Måløy, tlf. 911 83 01

 www.fjellstrand.no. 

 

  • Bedrift
    Fjellstrand AS
  • Søknadsfrist
    23.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5632, OMASTRAND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6496832
  • Se her for andre jobber fra Fjellstrand AS