• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6278754
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Prosjekt- og byggjeleiar

Vatn og avløp, Kvam herad

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du erfaring med prosjektleiing og likar å utvikla og gjennomføra nye prosjekt? Då kan me ha rett jobb til deg !

Då ein av våre prosjektleiarar nærmar seg pensjonsalder søkjer me ein etterfylgjar. Prosjektleiaren vil ha ansvar for oppfølging og gjennomføring av investeringsprosjekt innan vatn, avløp og veganlegg i kommunen. Prosjekta vil variera frå mindre innkjøp på rundt 100 000 kroner, til dei største byggjeprosjekta våre. Stillinga er ledig frå snarast, men tidspunkt for oppstart kan skje etter nærmare avtale.

 

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av investeringsprosjekt frå start til mål
  • Prosjektering, med oppfølging av konsulentar
  • Grunn- og rettigheitserverv
  • Utarbeiding av søknader til offentlege instansar (t.d. byggjesøknader, søknader til vegmynde, Arbeidstilsynet m.m.).
  • Arbeid med offentlege anskaffingar
  • Gjennomføring av entreprise og oppfølging av leverandørar og entreprenørar på byggjeplass

Kvalifikasjonar

  • Ingeniørutdanning innan va- anleggsfag fortrinnsvis va- eller anleggsingenør (solid og relevant realkompetanse innan fagområdet kan i særskilte tilfelle kompensera for formell utdanning)
  • Erfaring frå prosjektarbeid, inkludert økonomistyring. Det er ønskjeleg, eller ein føremon med relevant praksis som byggherre eller utførande entreprenør innan vass- og avløpsprosjekt
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant regelverk er ynskjeleg
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Har gode samarbeid- og kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  • Har evne til å arbeida ryddig og strukturert etter fristar
  • Er fleksibel, positiv og lojal
  • Tek ansvar og arbeider sjølvstendig

Me tilbyr

  • Varierte, spennande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass 
  • Mykje kontakt med kundar og publikum
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Flexitid 
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

 Generell informasjon:

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.





 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6278754
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad