Detaljer

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    29.11.2020
  • Sted:
    STOREBØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STOREBØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3274529
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaktmeister

Kommunalområdet Utvikling og forvaltning er ei eining med om lag 35 tilsette og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår servicekontor, kultur- og næring, folkehelse og frivilligarbeid, plan- og byggesak, FDV (forvaltning, drift og vedlikehald), brann/redning/beredskap, utbyggingsprosjekt og Austevollbadet.   

Austevoll kommune har ledig 100 % fast stilling som vaktmeister. 

Arbeidsstad

FDV har 9 tilsette og driv med forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sin eigedom; bygg, vegar, idrettsanlegg og kaiar. FDV har ansvar for oppfølging av teknisk tilsyn, forbruk av energi, dagleg reinhald og vedlikehald. FDV har base på Austevoll brannstasjon og det er eit tett samarbeid med brann/redning/beredskap. Eininga har  eit godt arbeidsmiljø og er i utvikling for å møta nye utfordringar og oppgåver. For tida legg vi om til ny organisasjonsmodell der oppdrag blir varsla inn i eit system og fordelt vidare etter prioritet (bestillar/utførarmodell).

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Vedlikehald og drift av kommunale bygg og eigedomar.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan byggfag eller elektro
  • Erfaring som vaktmeister eller arbeid innan handverksfag
  • Erfaring innan brøyting og sertifikater som maskinførar

Vi vil kunne omorganisera dagens ansvarsområder for å tilpasse kvalifikasjonane til dei arbeidstakarane vi har i vår avdeling opp mot kvalifikasjoner nye til sette innehar.

Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er løysningsorientert, har stor arbeidskapasitet og serviceretta. Du må ha fokus på tryggleik.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

FDV har base på Austevoll brannstasjon. Den som vert tilsett kan ved ledig stilling innan brann og redning bli forespurt om interesse for å inngå som deltidsmannskap i brannvesenet.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.