Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Dyrsku'n Arrangement AS

Vaktmeister

Messe- og kongressarrangører

DYRSKU’N ARRANGEMENT AS har 15 faste tilsette og ein omsetnad på om lag 35 mill kr. Selskapet er i spanande utvikling. Selskapet er lokalisert på Dyrskuplassen i Seljord og driv bl.a. catering og restaurantverksemd, Vårmarknaden og handels- og landbruksmessa Dyrsku’n som årleg samlar kring 90 000 besøkande. Under Dyrsku’n vert det omsett varer for om lag 500 millionar. Dyrsku’n Arrangement AS er medeigar i Countryfestivalen AS og Seljordfestivalen AS. I tillegg vert plassen leigd ut til ulike arrangement i løpet av året. Selskapet vert drifta etter ein modell der alt overskot blir ført tilbake til drift av plassen med bl.a. vedlikehald av bygningar og vidareutvikling av infrastruktur til beste for dei kring 200 000 som i løpet av året besøker plassen.

Vår ambisjon er å vere ein innovativ nasjonal samfunnsaktør innan mat og landbruk, i tett samarbeid med lokale, regionale og nasjonale samarbeidspartnarar. Dyrsku’n feira 150-årsjubileum i 2016.

VAKTMEISTER

Vaktmeisteren er svært sentral for drifta av Dyrskuplassen på 170 dekar og 40 bygningar. Stillinga er sjølvstendig og breidda i oppgåvene er stor.

I samarbeid med driftsleiar skal du sørge for vedlikehald og utvikling av Dyrskuplassen, samt førebuing og gjennomføring av arrangementa. Det er ei særs utadretta verksemd og inneber mykje kontakt med grunneigarar, utstillarar, publikum og leigetakarar.

Vi ser etter deg som er entusiastisk, strukturert, grundig og nevenyttig. Du må vere fleksibel, då det er stor variasjon i arbeidsmengde og-oppgåver gjennom året. Den rette er ein lagspelar og har god driftsmessig forståing. Interesse for korleis ein kan ta i bruk ny teknologi for proaktiv og systematisk oppfølging er også viktig.

Erfaring som vaktmeister eller fagbrev er ein fordel, men anna relevant bakgrunn kan kompensere for dette.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, hyggelege kollegaer og spennande utfordringar i hjartet av Telemark.

Søknadsfrist 15 februar.

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Driftsleiar Morten Dyrud tlf. 95 10 63 33
Dagleg leiar Geir Helge Espedalen tlf. 90 65 10 11

Kort søknad med CV sendast: post@dyrskun.no