Detaljer

  • Bedrift
    Ulvik kommune
  • Søknadsfrist
    02.11.2020
  • Sted:
    ULVIK
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ULVIK
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3209939
  • Se her for andre jobber fra Ulvik kommune

VA-ingeniør

Ulvik herad har ledig stilling som VA-ingeniør frå ca. 1. januar 2021. Stillinga er plassert i eininga plan, kommunal teknikk og eigedom. Kommunalsjef for plan, kommunal teknikk og eigedom er næraste overordna.

Søknadsfrist: 2. november 2020.

Om stillinga:

Hovudarbeidsområde:

  • Plan-, utbyggings-, drifts- og forvaltningsarbeid på VA-området
  • Veg, vatn og avløp-områda som skal drivast etter sjølvkostprinsippet
  • Politisk sakshandsaming, plan- og forvaltningssakar
  • Tverrfagleg internt prosjektsamarbeid
  • Handsame førespurnadar frå innbyggjarar og føretak, munnleg og skriftleg
  • Følgje opp vass- og kloakklekkasjar
  • Rapportere til styresmakter
  • Følgje opp ulovlege eller manglande tiltak
  • Handsame løyver om olje- og fettutskillere
  • Internkontroll

Andre arbeidsoppgåver kan tildelast ved behov og etter den tilsatte sin erfaring og kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum bachelorutdanning innan relevant fagområde
  • Kompetanse innan vatn, veg og avløp
  • Relevant røynsle frå offentleg og/eller privat verksemd
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode IKT-kunnskapar og kjennskap til GIS,
  • Sjølvstendig med gode samarbeidsevner

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Røynsle frå forvaltning av veg, vatn og avløp
  • Førerkort klasse B
  • Kjennskap til forvaltningslova, vassressurslova, plan- og bygningslova og andre relevante lovar, normar og standardar

Personlege egenskapar:

  • Strukturert
  • Nøyaktig
  • God evne til å tilegne ny kunnskap
  • Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Evne til å jobbe effektivt, både sjølvstendig og i team
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Serviceinnstilt

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale/kvalifikasjonar
  • Varierte, spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
  • Eit godt og kompetent arbeidsmiljø med hyggjelege og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Velkomen som søkjar til eit hyggelig, hektisk og sosialt arbeidsmiljø.

Informasjon om stillinga kan dykk få ved å kontakta Kommunalsjef for plan, kommunal teknikk og eigedom Vera Iversen tlf. 40007186 eller ingeniør Milos Cemovic tlf. 40007124.

Elektronisk søknad med CV kan sendast via søknadsskjema som ligg på www.ulvik.kommune.no. 

Merk med saknsummer 20/480

Kopiar av attestar og vitnemål vert etterspurt på intervju.