• Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    25.07.2021
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3953789
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune

Undervisningsstilling ved vaksenopplæringa

Solund kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Solund er eit særeige øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Solund kommune har ledig inntil 50% vikariat ved vaksenopplæringa, med moglegheit for forlenging.  Vaksenopplæringa er ein del av oppvekst- og kultursektoren. Tilbodet som vert gjeve er grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova.

Arbeidsoppgåver:

  • Grunnskuleopplæring for vaksne
  • Planlegging og organisering av undervisning
  • Samarbeid med andre tilsette

Kvalifikasjonar:

  • Relevant pedagogisk utdanning
  • Undervisningskompetanse i matematikk, engelsk, naturfag/KRLE
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
  • vil vere med og utvikle miljø for lærelyst
  • likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte
  • ser skulen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader
  • har humor, er fleksibel, oppteken av å samarbeide og er ein teambyggar
  • tek ei utfordring på strak arm
  • har lyst å vere del av eit lite samfunn
  • har evna til å bygge relasjonar

Vi tilbyr:

  • Løn etter tariff
  • Pensjonsordning i SPK
  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Ansvar og sjølvstendig arbeidsforhold

Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Solund kommune nyttar nynorsk målform. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både munnleg og skriftleg.

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. 

I tråd med opplæringsslova og lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.

Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

 Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit. Søknadar som ikkje vert levert elektronisk vert ikkje vurdert vidare i prosessen.

 

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.

Velkomen som søkjar!


Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

 
  • Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    25.07.2021
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3953789
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune