• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3384217
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 19.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Undervisningsstilling Samnanger ungdomsskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Intern utlysing Samnanger ungdomsskule

Samnanger ungdomsskule har ledig 100% mellombels stilling frå 1.mars 2021 til 30.juni 2021. Stillinga kan delast opp i fleire mindre stillingar. Det er mogleg å søkja utvida stillingsprosent for dei som allereie er tilsett i fast stilling eller mellombels stillingar i Samnanger kommune. Ringevikarar som har arbeidsavtale med skulen er òg inkluderte. Fagønske: Engelsk, krle, samfunnsfag og kroppsøving

  •  Samnanger ungdomsskule (SUS) er ein MOT-skule med omlag 90 elevar.

Skulane i Samnanger har som sitt motto er ein god stad å vera og ein god stad å læra. Skulane har sterk fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidlig innsats og inkluderande felleskap. Me er skular i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin.  Satsingsområde no er grøn skule, utvikling av uteområdet og forskarspiren. Samstundes vidarefører me programmering etter pilotprosjektet som har vart i tre år. Alle elevane har pc dei nyttar på skulen. AV-tavler i klasseromma gjev stor moglegheiter til variasjon i undervisninga.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning engelsk, krle, samfunnsfag og kroppsøving

   Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet
  • Politiattest. jfr. Opplæringsl. § 10-9
  • God nynorsk framstilling
Personlege eigenskapar:
  •  God relasjonskompetane
  •  Tydeleg og omsorgsfull klasseleiing
  •  Evne til å arbeida systematisk og nøyaktig 
  •  God arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar
  •  Serviceinstilling og gode samarbeidsevner
  •  Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng

Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærar
  • Tilsette blir meldt inn i SPK, og med offentleg tjenestepensjon får de ein av Norges beste pensjonsorningar.
  • Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon og etterlattepensjon
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring


Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla befolkninga forøvrig. Me oppforda alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.  

Me gjer merksam på at søkjarlistar til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3384217
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 19.01.2021