Detaljer

  • Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2020
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3272392
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Undervisningsstilling i øyriket Solund, heilt vest i Noreg

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.


Barnehagen, grunnskulen og kulturskulen har fleire arenaer der vi samarbeider og har som målsetjing å utvikle samarbeidet enda meir. Hovudfokuset er å skape eit så godt oppvekstmiljø som mogeleg for barn og unge i kommmunen vår. 

Skulen har fortrinnsvis ledig undervisningsstilling på 1.-7.trinn. Startdato etter avtale. 


Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Solund kommune nyttar nynorsk målform. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både muntleg og skriftleg.

Solund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med 77 elevar lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 15 lærarstillingar. I tillegg kjem reinhaldspersonell og assistentar. Lærarane arbeider i team og ønskjer å utvikle skulen i fellesskap.
Ved SFO er det 8 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke.

Arbeidsoppgåver

  • Vi treng lærar til ulike undervisningsfag på barnetrinnet.
  • Eit prioritert behov er lærar på 1.-4.trinn
  • Særskilt ønskjer vi lærar med undervisningskompetanse i engelskkunst og handverk, musikk, kroppsøving eller naturfag.
  • Spesialpedagogisk kompetanse vil vere ei føremon
  • Undervisningskompetanse i tysk (er valfag på ungdomskulen) eller grunnleggande norsk for minioritetar hadde vore eit stort pluss! 
  • Du må vere villeg til å ta på deg oppgåver som dukkar opp undervegs.

 

Kvalifikasjonar

  • har relevant pedagogisk utdanning/undervisningskompetanse
  • har fag i fagkretsen som skulen har behov for
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må ha NOKUT godkjenning

 

Personlege eigenskapar

  • har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
  • vil vere med og utvikle miljø for lærelyst
  • likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte
  • ser skulen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader
  • har humor, er fleksibel, opptekne av å samarbeide og er ein teambyggar
  • tek ei utfordring på strak arm
  • har lyst å vere del av eit lite samfunn
  • har evna til å bygge relasjonar

 

Vi tilbyr

  • Nyutdanna lærarar, utan undervisningserfaring, får redusert undervisning med ein time dei to første undervisningsåra. Redusert undervisningstid vert følgt opp med mentor og rettleiing.
  • Eit oppvekstmiljø som har starta endringsprosessar med å utvikle læringssmiljøet
  • Verte del av eit lærargruppe som ønskjer utvikling og er open for nye tankar
  • TEAMS vert nytta som digital løysing for internt samarbeid mellom tilsette, samarbeids- og undervisningsarena for elevane og møteverksemd.