• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    25.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4692930
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 06.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Undervisningsstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger ungdomsskule har ledig 100 % mellombels stilling frå 1. august 2022 til 31. juli 2023. Stillinga kan delast opp i fleire mindre stillingar. Fagønsker: naturfag, kroppsøving, engelsk, norsk, valfaga programmering og friluftsliv. Andre fag kan og bli aktuelle.

  •  Samnanger ungdomsskule (SUS) er ein MOT-skule med omlag 90 elevar.

Skulane i Samnanger har som sitt motto ein god stad å vera og ein god stad å læra. Skulane har sterk fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats og inkluderande felleskap. Me er skular i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trives på arbeidsplassen sin.  Satsingsområde no er grøn skule, utvikling av uteområdet og forskarspiren. Samstundes vidarefører me programmering etter pilotprosjektet som har vart i tre år. Alle elevane har pc dei nyttar på skulen. AV-tavler i klasseromma gjev store moglegheiter til variasjon i undervisninga.

Arbeidsoppgåver:

  • Naturfag, kroppsøving, engelsk, norsk, valfaga programmering og friluftsliv. Andre fag kan og bli aktuelle.

   Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet
  • Politiattest. jfr. Opplæringsl. § 10-9
  • God nynorsk framstilling
Personlege eigenskapar:
  •  God relasjonskompetane
  •  Tydeleg og omsorgsfull klasseleiing
  •  Evne til å arbeida systematisk og nøyaktig 
  •  God arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar
  •  Serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
  •  Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng

Me tilbyr:

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    25.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4692930
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 06.07.2022