Detaljer


Undervising i matematikk, naturfag og fysikk

Undervising i realfag

Arbeidsoppgåver
Undervisning i matematikk, naturfag og fysikk på studieførebuande utdanningsprogram, TAF og yrkesfag.
Delta i faggrupper
Delta i arbeidet for heilskapen på skulen

Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg (i denne stillinga: 60 studiepoeng i både matematikk og fysikk) og pedagogisk kompetanse (PPU), jmfr Opplæringslova. Dersom du manglar noko av dette, kan det verta stilt krav om at du må gjennomføra tilleggsutdanning.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Personlege eigenskapar
Trygg, tydeleg og triveleg klasseleiar med positivt elevsyn og evne til å skapa gode relasjonar
Bidra til eit godt arbeidsmiljø: Å gjera kvarandre gode og vilja kvarandre vel
Stå inne for verdigrunnlaget respekt, engasjement, tryggleik og samstemt
Kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig
Evne til å samarbeida, vera løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner
Utviklingsorientert
Vera ein engasjert tilsett som arbeidar for heilskapen på skulen





Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar

Andre opplysningar 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.