• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Ansettelsesform
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Bransje
    IT, telekommunikasjon og internett
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Andre arbeidssteder
    Sogndal
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3388709
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 09.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Høgskulen på Vestlandet søker trainee: Robotisering, økonomi og IT

IT, telekommunikasjon og internett

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 16 600 studentar og 1 980 tilsette fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger og ulike årsstudium.

HVL jobbar aktivt for å vere tett på studentane og nærings- og arbeidslivet i regionen, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

HVL er ein inkluderande arbeidsplass med kjekke kollegaer i eit utviklande miljø der du får vere med å bidra.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane. Gjennom utdanning, forsking og formidling aukar vi kunnskapsallmenningen. Vi har stor innverknad på samfunnet kring oss, og vi har høge ambisjonar. Vi bygger det nye universitetet!

Beskrivelse av avdeling og stilling
Ved campus Sogndal er det ca. 3 350 studentar og350 tilsette.

Avdeling for økonomi er ein del av fellesadministrasjonen ved HVL og har ansvar for rekneskap, økonomioppfølging og interne økonomitenester. Avdelinga har om lag 30 tilsette og dekkjer alle fem campus. Denne traineestillinga er knytta mot campus Sogndal.

Vi søkjer etter ein trainee til eit tverrfagleg samarbeid mellom Avdeling for økonomi og Avdeling for IT ved vår Fellesadministrasjon (FA).

Skildring av arbeidsoppgåver

Trainee-stillinga er basert på opphald delt mellom økonomi- og IT-avdelinga. Arbeidsoppgåvene er tenkt retta mot digitalisering og robotisering primært innanfor økonomifunksjonar, men det kan og vere aktuelt med andre prosessar noko tilpassa traineen sin kompetanse og høgskulen sitt behov. Traineen vil få oppgåver og utfordringar innanfor IT-området, men vil og få god innsikt i økonomiområde ved høgskulen og vil ha eit nært samarbeid med begge avdelingane. Andre arbeidsoppgåver må og kunne påreknast.

Ønska kvalifikasjonar

  • Bachelor- eller mastergrad innanfor IT-fag, økonomi og/eller organisasjonsutvikling. Anna relevant utdanning kan og bli vurdert.
  • Gode IT-kunnskapar og god digital kompetanse.
  • Interesse for digitalisering og robotisering.
  • God forståing av prosessar og arbeidsflyt.
  • Forholde seg til lover og reglar på området.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, og samarbeide godt med andre.
  • Kunne arbeide systematisk, ta initiativ og være en pådriver.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Strukturert og nøyaktig.

Kva kan vi tilby?

  • Tilsetting i eitt år i 100% stilling som trainee med oppstart august 2021.
  • Eit spennande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Kontakt:

Iris Wehn

57 67 62 32

Iris.Wehn@hvl.no

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Ansettelsesform
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Bransje
    IT, telekommunikasjon og internett
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Andre arbeidssteder
    Sogndal
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3388709
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 09.03.2021