• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    30.04.2023
  • Stillingsfunksjon
    Sykepleier
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Helsetjenester
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4957844
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 29.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du jobbe som sjukepleiar i eit variert og dynamisk miljø?

Trainee: Sjukepleiar

Helsetjenester

Som trainee i Bemanningssenteret vil du arbeide med fleire avdelingar og ulike pasientgrupper, noko som vil gje deg ei unik moglegheit til å utvikle ei brei og allsidig fagkompetanse. 

 

Bemanningssenteret i Helse Førde skal styrkast med fleire sjukepleiarar. Vi formidlar pleiepersonell til helseforetaket sine poliklinikkar og sengepostar innan både psykiatri og somatikk ved kortare og lengre fråvær.

Som trainee i Bemanningssenteret vil du arbeide med fleire avdelingar og ulike pasientgrupper, noko som vil gje deg ei unik moglegheit til å utvikle ei brei og allsidig fagkompetanse. Du vil få opplæring i 1-3 avdelingar som du skal jobbe på og tilgang på eit mangfald av kollegaer som vil hjelpe deg med å lukkast. Du vil få opplæring tilpassa dine behov og vere med på å utarbeide eigen turnusplan.

Vi tilbyr eit tillegg på kr 36.500,- som kompensasjon for tilsette i Bemanningssenteret.

Bli med på ein variert og spennande jobbkvardag

Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ynskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team og at du kan kommunisere godt med pasientar, pårørande og kollegaer. Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige for oss.

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleie til pasientarinnanforfleire fagfelt ved ulike avdelingar/seksjonar (poliklinikk og sengepost)
  • Medikamenthandtering
  • Pasientadministrativt arbeid
  • Dekke bemanningsbehov for kortare eller lengre periodar
  • Vere ein del av arbeidsfellesskapet i seksjonane ein jobbar på

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring

Vi vil at du skal trivast hos oss

Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Du vil oppleve gode, mindre gode, tunge, fine, triste, morsomme, spennande, aktive, lærerike, frustrerande og innhaldsrike dagar. Det vi også kan love er at du vil oppleve dette omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.

Bemanningssenteret arrangerer fagdagar, og du vil kunne delta på dei ulike seksjonane sine møter og fagdagar.

Vi tilbyr:

  • Ein utfordrande og variert jobb
  • Nært samarbeid med andre faggrupper og fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande overeinskomst og moglegheit for fast tilsetting
  • Kompensasjonstillegg

Vi håpar å høyre frå deg!

Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Mette-Lise Sørland på Mette-lise.Sørland@helse-forde.no eller tlf 57831564 / 97052040 (91726175).


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    30.04.2023
  • Stillingsfunksjon
    Sykepleier
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Helsetjenester
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4957844
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 29.03.2023