• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Økonomi og regnskap
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960036
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Vil du jobbe med økonomi og rekneskap i Vestland Fylkeskommune?

Trainee: Økonomi/rekneskap

Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater

Vestland fylkeskommune har i overkant av 6000 tilsette som arbeider over heile fylket. Driftsrekneskapen for 2021 synte i overkant av 14,6 milliarder i driftsinntekter med eit brutto driftsresultat på 1,8 milliarder.

Det er viktig for oss å ha dyktige medarbeidarar som skal sikra at alle rekneskapsdata blir satt saman til eit årsrekneskap utan vesentlege feil eller manglar. Vi er leiande på område for automatisering og effektivisering av store datamengder knytt til økonomi og rekneskap.

Les meir om oss her: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Arbeidsoppgåver

Stillinga inngår i team som skal arbeide med rekneskap og rapportering. Vi søkjer ein systematisk og løysingsorientert person med gode samarbeidsevner som mellom anna skal arbeide med:

  • Fakturering
  • Fakturakontroll
  • Remittering
  • Avstemmingar
  • Fagleg støtte og andre hjelpetenestere til resten av staben

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelorgrad innan økonomi
  • Maksimalt tre års relevant arbeidserfaring etter utdanning

I tillegg til krava ynskjer vi ein person med:

  • God IT-kompetanse og systemforståing
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar

I tillegg til det som er nenmt tidligare treng vi at du:

  • Har god kommunikasjonsevne
  • Er utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel
  • Er sjølvstendig, serviceretta og omgjengeleg

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Tett og god opplæring og oppfølging gjennom heile perioden med eigen mentor
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

Anna informasjon

Arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar er i samsvar med kommunal tariff.

Fylkeskommunen er ei IA-verksemd og arbeida aktivt for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste.

Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.


Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Økonomi og regnskap
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960036
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS