• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Økonomi
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Skipsrederier
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4957832
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Trainee: Økonomi

Skipsrederier

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

 

Fjord1 har dei siste åra bygd og satt i drift nær 40 høgteknologiske el-ferjer som svarar på moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet blitt verdsleiande innan ferjebransjen og står heilt i teten for elektrifiseringa av dei norske fjordane.

Vi søkjer trainee til vår økonomiavdeling ved hovudkontoret i Florø!

Vår økonomiavdeling er satt saman av fagområda rekneskap, finans og løn. Totalt sett om lag 20 dyktige kollegaer med høg fagkompetanse. Vi har ein god blanding av både kjønn, alder, fagkompetanse og selskapsansiennitet i avdelinga. I tillegg til å vere dyktige fagleg er det er ein sosial og imøtekommande gjeng med eit godt samhold og arbeidsmiljø. 

Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med fokus på totaliteten av selskapet. Økonomiområdet er ein sentral og viktig del av Fjord1 sin forretningsutvikling og har eit stort fokus på forbetring og effektivisering av både system og arbeidsmetodikk til ei kvar tid.

Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv. Vi ynskjer å vere opne for kva kompetanse som finst i marknaden, og vil tilpasse traineestillinga til den kandidaten vi vel ut. Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar. 

Vi tilbyr:

  • Ei unik start på di karriere
  • Delta i prosjektarbeid på tvers av fagområde
  • Moglegheit til å få ansvar, og vere med å påverke utviklinga i selskapet
  • Jobbe med utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tett og god oppfølging både fagleg og personleg
  • Bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Bli ein del av ein aktiv gjeng som samlast for kjekke aktivitetar også på fritida
  • Moglegheit til ei vidare karriere i Fjord1

Ønska kvalifikasjonar:

  • Du er utdanna innan økonomi, finans, rekneskap eller eit anna relevant fagområde
  • Det kan vere positivt med ei interesse for business intelligence (BI), grensesnitt og systemflyt
  • Personlege eigenskapar
  • Du er løysingsorientert og nysgjerrig
  • Du tek fatt på nye oppgåver med motivasjon, engasjement og pågangsmot
  • Du er strukturert og ryddig
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har sterke analytiske eigenskapar og er pådrivar for forbetringar 
  • Du tør å stille spørsmål og utfordre etablerte praksisar

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Økonomi
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Skipsrederier
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4957832
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS