- BedriftFramtidsfylket AS
- Søknadsfrist15.03.2023
- StillingsfunksjonØkonomi og regnskap
- Heltid/DeltidHeltid
- AnsettelsesformTrainee
- BransjeRegnskapsbyrå
- UtdanningskravBachelor
- ArbeidserfaringIkke påkrevet
- Ønsket SpråkNorsk
- Adresse6963 , Dale
 Norge
- Andre arbeidsstederFjaler
- Antall stillinger1
- karriere-kode4942308
- Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
- Oppdatert 16.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Framtidsfylket AS
Vil du jobbe med økonomi og rådgjeving i Accountor?
Trainee: ØkonomiRegnskapsbyrå
Accountor er Nord-Europas største kjede innan økonomi- og rådgjevingstenester. Vi har spesialisert oss på programvareløysingar, rekneskap og outsourcing-finanstenester for å nå vårt mål, nemleg å hjelpe kundar med å oppdage og bruke moglegheitene ved moderne teknologi og digitalisering i sin arbeidskvardag. Rekneskapsbransjen er i stadig endring med stort fokus på elektroniske løysingar og effektivisering. No søker vi ein trainee som vil vere med oss vidare på vår spennande reise!
Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team? Les vidare!
Accountor HAFS er lokalt eigd, og er franchisetakar i Accountor. Vi har hovudkontor i Dale og avdelingskontor i Leirvik. Det er viktig for oss at du trivst på jobben! Vi har i dag 14 dedikerte medarbeidarar der 12 sit i Dale og 2 i Leirvik. Vi har høg medarbeidartilfredsheit og høg kompetanse både fagleg og på systemsida. Vi er svært opptatt av å ta i bruk ny teknologi, og er i teten på dette området. 
Vi har no omtrent 400 kundar lokalt. Vi ønskjer å styrke vår satsing ytterlegare, og søkjer ein trainee som enten er rekneskapsførar eller som vil lære seg faget med bakgrunn i si utdanning.
Kven er du?
Som person håpar vi du er forretningsorientert og blir motivert av å prestere. Vi ser for oss at du er initiativrik, sjølvstendig og ser løysingar der andre ser utfordringar. Du er positiv og likar å bygge og ivareta gode relasjonar både med kollegaer og kundar. 
Videre har du:
•    Økonomiutdanning på bachelornivå, med god fagleg innsikt i områda rekneskap, skatt og avgift.
•    God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi.
•    God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
•    Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.
Og ikkje minst ønskjer du vidare fagleg utvikling i eit hyggeleg og spennande miljø. Har du særlege kvalifikasjonar er det også aktuelt med ytterlegare ansvar utover det som er utlyst i stillinga.
Kva vil du gjere?
Rekneskap frå a til å, herunder:
•    Bokføring, dokumentasjon og avstemmingar
•    Rapportering til kundar
•    Årsoppgjer, skattemeldingar og likningspapir
•    Kvalitetsoppfølging av oppdraga
Kva kan vi tilby deg?
I Accountor blir du ein del av Nord-Europas største kjede innan vårt felt, og i ein bransje som er i ei spennande endring. Du vil få jobbe i eit fagleg sterkt miljø, omgitt av dyktige kollegaer med ulike bakgrunnar.
Vidare tilbyr vi:
•    Interessante og utfordrande oppgåver
•    Moglegheit til å bli autorisert rekneskapsførar
•    Moderne løysningar til våre kundar og dermed ein meir spennande jobb for våre medarbeidarar
•    Ein jobb som tilbyr varig personleg utvikling
•    Fleksible arbeidstidsordningar
Vi kan også tilby konkurransedyktige vilkår, eit godt arbeidsmiljø, sosiale arrangement og kollegaer som vil jobbe ilag for å levere framtidas tenester til våre kundar.
Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn din søknad med din motivasjon for stillinga, samt din oppdaterte CV. 
Vi gler oss til å høyre frå akkurat deg!
Arbeidsstad: Dale eller Leirvik, eventuelt i ein kombinasjon.
Har du spørsmål om stillinga eller oss som selskap, kontakt dagleg leiar Kim Frode Solheim tlf: 950 71 677, eller personalansvarleg Ragnhild Nordnes tlf: 410 80 498.
Vi i Accountor arbeider med menneske – ikkje berre med tal!
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
·    Minimum bachelor eller mastergrad
·    Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
·    Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Som Framtidsfylket-trainee får du:
·    Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
·    Fagleg og personleg utvikling
·    Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
·    Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.  
- BedriftFramtidsfylket AS
- Søknadsfrist15.03.2023
- StillingsfunksjonØkonomi og regnskap
- Heltid/DeltidHeltid
- AnsettelsesformTrainee
- BransjeRegnskapsbyrå
- UtdanningskravBachelor
- ArbeidserfaringIkke påkrevet
- Ønsket SpråkNorsk
- Adresse6963 , Dale
 Norge
- Andre arbeidsstederFjaler
- Antall stillinger1
- karriere-kode4942308
- Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
- Oppdatert 16.01.2023
