• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Forskning og utvikling
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6865, Sogndal
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960239
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 17.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar?

Trainee: Klima og miljø

Forskning og utvikling

I denne traineestillinga hos Vestlandsforsking vil du arbeide med fleire prosjekt innan eitt eller fleire tema på feltet klima og miljø. 

 

Du som trainee vil vere knytt til forskningsgruppa for klima og miljø og kan bli kopla til forskingssenteret Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing), som Vestlandsforsking leier. Senteret arbeider for å styrke samfunnet si evne til klimatilpassing og rettar seg både mot privat og offentleg sektor.

Om stillinga

I traineestillinga vil du arbeide med fleire pågåande prosjekt innan eitt eller fleire tema på feltet klima og miljø. For tida har vi prosjekt knytt til klimaomstilling, tilpassing til klimaendringar, energiomstilling, planlegging og berekraftig utvikling, naturressursforvaltning, berekraftig produksjon og forbruk, livsløpsanalysar og sirkulær økonomi.

Kven er du?

Vi søker etter ein dyktig og motivert trainee med utdanning på masternivå innan planfag, samfunnsfag eller industriell økologi og sirkulær økonomi. Du bør fortrinnsvis ha erfaring med både kvalitative og kvantitative metodar.

Du har samfunnsfagleg og/eller teknologisk kompetanse og interesse for å arbeide med klimaomstilling, klimatilpassing eller industriell økologi.

Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet, og du må ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Som trainee i Vestlandsforsking tilbyr vi deg:

  • spennande forskings- og utviklingsoppgåver
  • ein unik start på forskarkarrieren
  • nettverk med forskarar, samarbeidspartnarar og oppdragsgjevarar
  • fagleg og personleg utvikling
  • ein mentor som følgjer deg opp
  • innsyn i eit mangfaldig og innovativt næringsliv og offentleg sektor
  • Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, triveleg arbeidsmiljø og gode velferdsordningar. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
  • Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse.
  • Løn etter avtale. 
Arbeidsstad er Sogndal.

For meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Forskingsleiar for klima og miljø, Halvor Dannevig: 976 76 397, hda@vestforsk.no
  • Direktør Anne Karin Hamre: 979 86 511, akh@vestforsk.no

Vi ser fram til å høyre frå deg!


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.


Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forskings- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Vi er om lag 36 tilsette i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, reiseliv og teknologi og samfunn. Vi har ein lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse. Vi held til på Campus Sogndal, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjent for fantastisk natur og gode vilkår for friluftsliv.

Les meir om korleis forskarane Malin, Agnes og Torbjørn skildrar Vestlandsforsking som ein kjekk, engasjerande og fleksibel arbeidsstad.


Foto: Halvor Dannevig

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Forskning og utvikling
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6865, Sogndal
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960239
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 17.01.2023