Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Tibber søker trainee: Utvikler

IT

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar dette stadig. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

Kven er du?

Du er engasjert og interessert i ny teknologi og programvareutvikling, enten frontend, backend eller gjerne begge deler. Det er også ein fordel om du ønskjer å bidra til å gjere energiforbruk både smartere og meir miljøvenleg. Du ønsker å finne nye tilnærmingar til betre brukaropplevingar for kundane våre.

Vår backend-teknologi er stort sett bygd på .Net Core, NodeJS samt maskinlæring i Python, på frontend jobber vi mest i React og Vue. Erfaring med ein eller fleire av desse teknologiane er sjølvsagt ein fordel, men erfaring frå andre moderne programmeringsspråk og rammeverk kan også komme godt med.

Ellers benytter vi AWS som hosting-leverandør, så erfaring med dei eller andre skyleverandører og container-teknologi kan kome godt med.

Som trainee i Tibber vil du få ein eigen mentor som blir ansvarlig for den faglige utviklinga di. Men i Tibber har vi ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og sjølvgåande, og kunne kommunisere godt på engelsk.

Identitet og kultur i Tibber

Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umulege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.

I løpet av det siste året har vi dobla talet på tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman.

Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.

Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe!

Spørsmål om stillinga kan rettast til Seniorutviklar Finn Mikael Halvorsen på 911 11 181 fimmi@tibber.com

Område Sunnfjord

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.