• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Ansettelsesform
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Bransje
    Økonomi
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Andre arbeidssteder
    Sunnfjord
  • Antall stillinger
    2
  • karriere-kode
    3384528
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 08.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane

Økonomi

Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å vere meir enn bank. Bank- og finansbransjen er i stor endring og kundeåtferda i konstant utvikling. I Sparebanken Sogn og Fjordane har vi derfor fokus på forretningsutvikling og satsar på digitale løysingar. Vår visjon er å vere ei drivkraft for fylket og for at vi skal kunne vere det, søkjer vi fleire gode hovud.

Har du utdanning innan økonomi, administrasjon, juss, IT eller utvikling? Vil du vere med å forme framtidas bank? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi ønskjer deg som

  • Er lærevillig og nysgjerrig
  • Tørr å utfordre
  • Har interesse for kommunikasjon og teknologi
  • Utfordrar oss med nye idear

Som trainee i Sparebanken får du moglegheit til å forme di eiga rolle. Vi tilpassar stillinga ut frå kva kompetanse du har.

Arbeidsoppgåver kan vere

  • Analyse og statistikk
  • Avdekke kvitvasking og terrorfinansiering
  • Webdesign
  • Programmering og automatisering
  • Utvikling web/mobil/DevOps
  • Avtalerett
  • Informasjonssikkerheit
  • Begeistre kunden gjennom sjølvbetjening og digitale kanalar
  • Sal og rådgjeving av bankens produkt

Vi kan tilby deg

  • Hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde
  • Eit spennande år med høve til utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Innovativt miljø med fokus på vidareutvikling
  • Gode kollegaer
  • Hytter på fjellet, i byen og i utlandet
  • Bedriftsidrettslag

Korleis er det å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane?

Likestilling
Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i fylket. I dag er vi mellom dei beste i landet på kjønnsbalanse, i følgje SHE index undersøkinga. Vi har fokus på å ivareta og utvikle mangfald i banken, både i kvardagen og i rekruttering.

Kunnskapsdeling
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling. Utnytting av dei tilsette sine ressursar er avgjerande for banken sin konkurranseevne og vekst. Det er stor takhøgde i banken, og vi ønskjer at du som trainee skal utfordre oss med nye idear og innspel!

Lokal
Sparebanken Sogn og Fjordane har ein visjon om å vere ei drivkraft for fylket. Vi veks nasjonalt, men forvaltar verdiane i Sogn og Fjordane. For oss er det viktig at overskotet til banken kjem lokalsamfunnet til gode i form av gåver- og sponsormidlar.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2021 til august 2022.

Kontakt:

Magnus Vie

951 98 436

magnus.vie@ssf.no

Område: Sunnfjord

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Ansettelsesform
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Bransje
    Økonomi
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Andre arbeidssteder
    Sunnfjord
  • Antall stillinger
    2
  • karriere-kode
    3384528
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 08.04.2021