• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    1-3 år
  • Adresse
    5750, ODDA
    ULLENSVANG
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4953745
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Bli trainee i friluftshovudstaden!

Trainee: HR

Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon

Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.

 

Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng fleire med på laget.

Oppdraget vårt er å gje deg ein god start på karrieren, og du kjem til å få spennande prosjekt, og vera ein del av eit kompetansemiljø. Traineestillinga ligg til HR i Ullensvang kommune som i dag har 11 tilsette. Traineestillinga vil vera lokalisert i lag med HR teamet som i dag har 1 kommunalsjef og 2 HR rådgivarar. Arbeidstad vil vera sentraladministrasjonen i Odda. Tar du utfordringa som traineekandidat?

Arbeidsoppgåver:

Vi ser etter ein sjølvstendig og lærevillig person til vårt HR-team. Du er positiv og engasjert og bidreg med å vidareutvikle og forbetre våre tenester. Du må tørre å utfordre leiarar og tilsette, slik at vi sammen kan finne dei beste løysingane.

  • Vi tilbyr ein variert kvardag, der du trivst med å ta ned nye utfordringar i lag med HR teamet.
  • Overordna systemarbeid innan HMS.
  • Planlegge og gjennomføre opplæring innan HMS-feltet.
  • Støtte og rådgiving til leiarar innan HMS, her gjennomføring av HMS-kartlegginger.
  • Fylge opp avvikrapportering og delta i arbeidsmiljøutvalet.
  • Vere kontaktperson mot HMS-faget inn mot myndigheiter
  • Planlegge og gjennomføre interne revisjoner
  • Samhandling med tillitsvalde og verneombod
  • Andre oppgåver kan vera tillagt stillinga.

Ynskte kvalifikasjonar:

Avdelinga søkjer etter personar med relevant bakgrunn og erfaring. Du får høve til å bruke kompetansen din og drive fram endringar. Stillinga gjev stort rom for personleg og fagleg utvikling. Læring og deling står sentralt som verdiar for avdelinga, på linje med kompetanseheving og utvikling.

  • Ynskjeleg med høgare utdanning på bachelornivå.
  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
  • Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk
  • Beherske norsk som arbeidsspråk

Ynskte eigenskapar:

  • Utvikling- og serviceorientert.
  • Analytisk og strukturert.
  • Løysingsorientert og god evne til å bygge relasjoner og tillit.

Vi tilbyr:

  • Fagleg bistand og rettleiing.
  • Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø.
  • Lønn etter avtale.
  • Behjelpeleg med å skaffe bustad.
  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Opning for fast jobb etter gjennomført traineeprogram.

Nærare opplysningar ved:

Kommunalsjef HR Eivind Gregersen, tlf. 98 48 87 99, eivind.gregersen@ullensvang.kommune.no


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Søknadsfrist er 15. mars.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    1-3 år
  • Adresse
    5750, ODDA
    ULLENSVANG
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4953745
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023