Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2026Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Bemanning og rekrutteringUtdanningskrav
Teknisk fagskoleArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6485141Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Start karrieren som VA-ingeniør i Ullensvang!
Trainee hos Ullensvang kommune: VA-ingeniørBemanning og rekruttering
Er du nyutdanna og klar for å bruke ingeniørfaget ditt i praksis? Som trainee i Ullensvang kommune får du ansvar, oppfølging og ein kvardag med korte avstandar til både kulturliv, kafear, fjord og fjell.
No ser vi etter deg som vil vere med på å utvikle eit fagmiljø i vekst, med store oppgåver og spennande utfordringar. Som ein tidlegare trainee seier: - Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.
Dette vil du jobbe med
- Koordinering av ulike VA driftsprosjekt
- Databehandling i VA-databasen Gemini, arkivsystem Websak, samt andre datasystemer
- Oppfølging av- og godkjenning av teknisk planar for VA. Skriftleg uttalelse til planar
- VA-rammeplanar, reguleringsplanar, og byggesaker
- Handtering av informasjon til innbyggjarar i forbindelse med anleggsarbeid, og utsending av varsel ved spesielle hendingar
- Delta i tverrfagleg samarbeid mellom sektorane i kommunen
Ynskte kvalifikasjonar
- Ingeniør/ sivilingeniør
- Interesse for VA-faget
- Førerkort klasse B
- God fremstillingsevne norsk muntleg og skriftleg
Her får du mykje ansvar og fridom, samtidig som du er ein del av eit miljø der det er kjekt å komme på jobb. Det er vanleg at vi samlar oss til ein sosial lunsj midt i ein travel arbeidsdag – for i tillegg til å jobbe hardt, veit vi kor viktig det er å ta vare på kvarandre.
Du kjem til å sitje saman med andre ingeniørar og fagpersonar i eit ope kontorlandskap på Hjøllo, berre ein kort spasertur frå sentrum av Odda. Her jobbar vi saman på tvers av avdelingar for byggdrift og veg og park – noko som skapar gode muligheiter for å lære av kvarandre.
Du får:
- Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit sterkt og godt fag- og arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
- Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
- Ullensvang kommune har fleksibel arbeidstid, gode permisjons- og pensjonsvilkår og fokus på nærværsarbeid.
- Løn etter avtale
- Lev ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad
Kvifor Ullensvang?
Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har våre eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune?
Søk no, og start karriera di på beste vis!
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2026Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Bemanning og rekrutteringUtdanningskrav
Teknisk fagskoleArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6485141Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
-
Trainee hos Ullensvang kommune: Økonomi
Framtidsfylket AS
ODDA -
Helsefagarbeider 37% fast kvilande natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Ringevikarar , MMNF
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeider 20% helg, Blombakkane bustader
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME