Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2026Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Teknisk fagskoleArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6485148Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Vil du jobbe med det nyaste innanfor maritim teknologi?
Trainee hos Tersan Havyard: ProsjektgjennomføringSkipsbyggerier og -verft
Som trainee i Havyard lovar vi deg ein unik moglegheit til å kickstarte din karriere som nyutdanna. Med god opplæring samt utfordrande prosjekt, garanterer vi deg ei bratt læringskurve. Du vil få erfarne kollegar som mentorar som vil gi deg råd, rettleiing og støtte gjennom programmet. Rett og slett ein fantastisk start på karrieren din!
Vi er opptatt av at folka rundt oss skal ha det bra og at det skal vere kjekt å kome på jobb. Årlege sosiale samlingar er difor svært viktig og noko som står høgt hos dei tilsette her.
Dette vil du jobbe med
I traineeprogrammet vil du få arbeide med store og komplekse prosjekt innanfor skipsbygging. Gjennom programmet vil du bli kjent med dei forskjellige fagområda i prosjekta og delta i prosjektet sine ulike fasar. Du vil opparbeida deg unik kompetanse innan maritime prosjekter og få moglegheit til å jobbe med «state of the art» skipsteknologi!
For å lukkast i Havyard vil du trenge engasjement, ein iver etter å alltid lære meir og vere målbevisst. Målet er å førebu deg for ei framtidig rolle innan prosjektleiing i Havyard og maritim næring.
Prosjekta vert gjennomført i Tyrkia og Norge og du må rekne med litt reiseverksemd.
Høyrest dette ut som noko for deg, har du her ein sjeldan moglegheit til å arbeide i eit selskap med fleire spennande prosjekt på gang og store framtidsplanar. Dette blir kjekt!
Dette får du hos Havyard
Vi veit at livet er meir enn jobb. Som trainee hos oss får du:
- ein arbeidskvardag med korte avstandar mellom beslutning og handling
- ein uformell kultur der folk helsar på kvarandre i gangen og tek seg tid til ein prat
- moglegheit til å følgje båt frå bygging til levering
- tett samarbeid med dyktige fagarbeidarar, ingeniørar og leiing
I tillegg kjem Framtidsfylket sitt traineeprogram, der du får samlingar, studietur, nettverk og kurs saman med andre nyutdanna i Vestland.
Kven trur vi at du er?
Vi er meir opptekne av motivasjonen din enn av at du «treff på alt». For å trivast i rolla trur vi at du:
- Har utdanning på fagskule-, bachelor- eller masternivå innan t.d. ingeniørfag, maritim eller liknande
- Strukturert, målretta og med høg gjennomføringsevne
- Kommuniserer godt på norsk og engelsk munnleg, og gjerne skriftleg
Har du lite erfaring? Det er heilt i orden – dette er ein traineestilling. Vi lærer deg det du treng å kunne.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august til august.
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2026Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Teknisk fagskoleArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6485148Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
-
Planleggar
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Trainee hos BKK: Digital utvikling
Framtidsfylket AS
FØRDE -
Avdelingsleiar Elektro
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Platearbeidarar og Sveisarar– Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Elektromontør og automatikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN