• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    13.04.2026
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Bemanning og rekruttering
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Adresse
    6893, VIK I SOGN
    VIK
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6589949
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Start karriera di som webutviklar hjå Highsoft!

Trainee hos Highsoft: Webutviklar

Bemanning og rekruttering

Vil du starte karrieren din ein stad der du faktisk får byggje ting som blir brukt og samstundes ha fjell, fjord og frisk luft rett utanfor døra? Hjå Highsoft får du jobbe med moderne webteknologi i eit miljø som kombinererfagleg tyngde med låge skuldre, korte beslutningsvegar og ein god dose humor. Her blir du ikkje “berre ein trainee”, du blir ein del av laget frå dag éin.

 

Som trainee i Framtidsfylket får du og ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv. I tillegg til fast jobb i eitt år med gode kollegaer, er du del av eit sosialt nettverk av trainear 🧡

Kva går jobben ut på?

  • Utvikle og vedlikehalde WordPress-nettsider og WooCommerce-butikkar
  • Implementere design i frontend (React / Next.js)
  • Tilpasse tema og plugins
  • Lage enkle integrasjonar mot API-ar og tredjepartstenester
  • Feilsøkje og forbetre eksisterande løysingar
  • Gradvis ta meir ansvar etter kvart som du blir varm i trøya

Kven er du?

Du har ein genuin interesse for webutvikling, enten det kjem frå studiet, kurs eller eigne prosjekt du har jobba med på fritida. Kanskje har du fikla med ei eiga nettside, testa ut nye rammeverk eller prøvd å få ting til å funke litt for seint på kvelden? Då kjenner vi oss igjen.

Du har grunnleggande forståing for HTML, CSS og JavaScript, og er nysgjerrig på korleis ting heng saman i moderne frontend-løysingar. Samstundes er du komfortabel med å ikkje kunne alt frå før. Du likar å lære, stiller spørsmål og tør å prøve og feile – det er slik ein faktisk blir god.

Det er ein fordel om du har:

  • Kjennskap til WordPress og/eller WooCommerce
  • Erfaring med React og Next.js
  • Litt erfaring med Git
  • Testa LLM-verktøy til koding
  • Eigne prosjekt (GitHub, portfolio eller liknande)

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Kva kan vi tilby?

Hjå oss får du tett oppfølging og ein mentor som faktisk bryr seg om utviklinga di. Du jobbar med ekte prosjekt frå start, og får moglegheita til å byggje erfaring som er relevant og ikkje berre teori.

Vi har eit fagmiljø som likar å dele, enten det skjer gjennom workshops, korte fagpratar eller spontane diskusjonar over ein kopp kaffi. Det er låg terskel for å spørre om hjelp, og høg takhøgd for nye idear.

Me tilbyr fleksitid, moglegheit for heimekontor, workaway og sjølvsagt konkurransedyktig løn.

Og ikkje minst

Hjå Highsoft er arbeidskvardagen prega av ein uformell tone og ein kultur der det er rom for å vere seg sjølv. Vi er eit internasjonalt team med røtter i Vik, og kombinerer ambisjonar om å vere best i verda på det vi gjermed ei ganske jordnær tilnærming til arbeidskvardagen. Her kan diskusjonar like gjerne skje på ein gåtur som i eit møterom, og det er ikkje uvanleg å ta ein runde dart eller ein kaffi i Stova når ein treng ein pause. Med fjord og fjell rett utanfor døra ligg alt til rette for å kople av etter jobb, enten du likar toppturar eller berre frisk luft.

Er du med?

Send oss CV og fortel kort kvifor du vil jobbe hjå oss og sleng gjerne med noko du har laga (GitHub, kodeprosjekt eller liknande). Vi diggar å sjå kva du får til!

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    13.04.2026
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Bemanning og rekruttering
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Adresse
    6893, VIK I SOGN
    VIK
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6589949
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS