• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    01.03.2026
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Bemanning og rekruttering
  • Utdanningskrav
    Teknisk fagskole
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    sunnfjord
  • Antall stillinger
    2
  • karriere-kode
    6485124
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Ynskjer du å bidra til vidare utvikling for grøn energi, berekraft og elektrifisering?

Trainee hos BKK: Digital utvikling

Bemanning og rekruttering

Vi treng deg som ynskjer å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering. Føresetnaden for dette er tilgang på straum.I BKK AS er det divisjonen Teknologi og Utvikling som har ansvar for den digitale utviklinga og tenester i den digitale infrastrukturen til selskapet. 

 

BKK AS sørgjer for at du kan lade dine digitale einingar heime, og at du har lys i lampa. Vi er eit av dei største nettselskapa i Noreg og leverer straum, driftar og utviklar straumnettet til kundar på Vestlandet. Vi jobbar dagleg med innovasjon, utforsking og bruk av ny teknologi, og vi jobbar med å løfte oss som selskap ved å ta i bruk data på heilt nye måtar.

Traineestillinga vil inngå i Teknologi og Utvikling. Vi er ei eining som driv selskapet si digitale reise innan datautnytting og digitalisering.

Vi tilbyr spennande oppgåver innan:

  • Dataanalyse og statistikk
  • Sikkerheit og integrasjonsarbeid
  • Programmering og dataforvaltning
  • Digitalisering og automatisering

Vi jobbar med moderne teknologiar som Azure, Microsoft Dynamics, Microsoft Power Platform, Python, C# og Github. Teknologi og Utvikling er lokalisert i Førde og Bergen.

Kvifor bør du velje oss?

  • Du vert ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø som jobbar med dei nyaste teknologiane og verktøya som gir fart, læring og konkurranseevne for selskapet.
  • Som trainee i Teknologi og Utvikling vil du være med på å bygge framtidas elektriske, digitale og berekraftige løysingar.
  • Konkurransedyktige velferdsordningar og et bredt aktivitetstilbod i konsernet
  • Du vert ein del av Eviny-konsernet med fagleg og sosial breidde.

Vi har eit ungt arbeidsmiljø med mange nytilsette dei siste åra, og ulike aktivitetar og samlingar gjennom året er med på å skape et godt arbeidsmiljø.

Du vil ha moglegheit til å bli vurdert for fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode.

Kven er du som søker?

  • Du er nysgjerrig på nye løysingar og synsvinklar
  • Du er lærevillig og set seg raskt inn i nye verktøy og problemstillingar
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, er opptatt av å sjå resultat og tar initiativ
  • Du evnar å sjå det store bildet og konsekvensane av endring 
  • Du ynskjer å ta del i vår digitale reise

Om du er samfunnsvitar, utviklar eller ingeniør er ikkje så viktig, men du må ha interessa for teknologi, digitalisering og utviklingsprosessar.

Traineekvardagen i BKK AS

Du vil være med på å bygge opp og utvikle kompetansegrupper innanfor digitalisering, og du vil jobbe i eit tverrfagleg team som jobbar med utvikling av system og digitale verktøy. Vi skal saman jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystem, tileigne oss erfaring med analyse, samt predikere data til forbetring av dagleg drift. Du vil jobbe tett opp mot svært kompetente fagmiljø både internt i selskapet og eksternt mot ein bransje og einmarknad i sterk utvikling.

Du vil få kontorplass i BKK AS sine lokale i Energihuset i Førde.


Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i eitt år, frå august til august.

Spørsmål? Ring seksjonsleiar Tony Kiil, tlf. 91727185 for ein hyggeleg prat. Vi gler oss til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    01.03.2026
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Bemanning og rekruttering
  • Utdanningskrav
    Teknisk fagskole
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    sunnfjord
  • Antall stillinger
    2
  • karriere-kode
    6485124
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS